lørdag 20. august 2011

...det gode liv..

Idag gjekk eg ein liten tur oppover fjellvegen.
Eg brukar å ta ein kvilepause på ein benk
ved ei fin bjørk. Der nyt eg ei nydeleg
utsikt framover dalen,

men idag var der opptatt.... :-)


Sist eg gjekk denne turen måtte eg stoppe opp
og nyte denne flotte "buketten"



Vel heime på hytta kunne eg gledje meg over 
denne buketten utfor døra.

Det nærma seg kaffitid og gode venner
var ventande

Pavlova er god med fersk bringebær !
..den fekk bein å gå på...

Kvelden er komen, roa senker seg over ROA som er namnet
på hytta vår
...litt raudt i glaset og avslapning på ein
fin laurdagskveld.

god klem frå Anne-Mari


ps. eg takkar hjerteleg for dei fine kommentarane på dei to første blogginnlegga, men av ein eller annan grunn får eg ikkje til å skrive kommentar sjøl. Har mykje å lære forstår eg ;-)



torsdag 18. august 2011

Bringebær

Har plukka bringebær idag, 12 kg !!



Syns du det høyrest mykje ut ?


Du skulle sett kor mykje der var på buskane.
Sjølplukk på Myrold Fruktgard, Stårheim,
kunne nesten ikkje stoppe !


Tenk så godt å ta ut av frysen når det kjem nokon venta- eller uventa
på besøk.... anten på hytta eller heime
Har sjølsagt alltid Tine vaniljesaus på lur :-)

Du er velkomen til ein smak <3

helsing Anne-Mari


tirsdag 16. august 2011

Hallo der ute :-)

Nei, kva er det eg vil ?

Har lenge hatt lyst å ha min eigen blogg.

Er flittig inne og ser på dei mange fine og

interessante bloggane som fins der ute...

Kva skal min blogg innehalde tru ?

Kanskje mat - blomster - interiør - natur ..

Vonar det kjem etterkvart..

Ver tolmodig med meg :-)

klem frå anne-mari