onsdag 28. september 2011

Svalbard

Tur til Svalbard.

For meg blir det ei ny og spennande oppleving.


Har sett litt på bilde frå Longyearbyen

Friske og fine fargar på husa








Det er meldt -6 grader.
Varm jakke og støvlettar :)

-------------------

Takk til alle som er innom bloggen min :))
det likar eg....

Ynskjer alle ei god veke vidare !

Helsing Anne-Mari


lørdag 24. september 2011

Ei anna tid

Eg er så heldig å ha arva nokre eignalutar
 som eg set svært høgt.


Verdfulle ting frå foreldre og besteforeldre, 
som dei var stolte av og brukte til bestes.



Teskjeiene var bryllaupsgåve til besteforeldra mine 
i byrjinga på 1900 talet.
Eg undra lenge på kvifor det er små merke i dei, difor spurde eg
mi kjære tante Agnes som går i sitt 91ande år.
Ho fortel at dei vanlege skeiene i husstanden
var på storleik med dei største skeiene på bildet.
Difor brukte dei sølv-teskeiene til babyane når dei
byrja med graut og anna fast føde :))

Det er så nydeleg å sjå dei små bita etter små
tenner og vite at dette er mor og syskena hennar sine
 helsingar
til oss som lever i ei anna tid.

----------

Eg set stor pris på alle gode helsingane eg har fått,
 både munnleg og skriftleg.

klem frå Anne-Mari





tirsdag 20. september 2011

Prunus domestica..


Plommer, Prunus domestica (latin)
Det blir sagt at skal du ha frukthage bør
plommetreet vere det tredje treet du planter.
Etter epletre og pæretre..
Plommer har vore dyrka i tusener av år, først i Lilleasia
så Hellas, Roma og vidare til resten av Europa.

Eg er så heldig å bu nær barndomsheimen min der gamle
plommetre gir oss frukt nesten kvart år.
I år har det vore mest Opal-plommer.
Akkurat no er det litt gule plommer på eit tre som
er så gamalt at det ser ut til å ramle ned snart :-(



Eg likar godt å hermetisere plommer :-)
Og så er det kjekt å ha så mykje at eg kan gi vekk, ta
med i veska når eg fær på besøk :-)
Det er alltid vellukka !



Eg har igrunnen trudd at slik mat ikkje kan etast kvar dag...
men no har eg lært noko nytt:
Plommer er livgivande og styrkande, stimulerande for nervane
og vederkvegande for overanstrengte.(!!!)
 Dette er påstandar frå Messèquè,
som vidare hevdar at plommer framfor alt bør anbefalast
til revmatikere, til giktpasientar og til personar som lider av nyrestein,
åreforkalkning, forstoppelse og leversjukdom.

Seinare forskning viser at plommer har høgt innhald av
antioksidanter som er bra for cellene våre :-)

Så til alle som har tilgong på plommer, et av hjertens lyst !

Klem frå Anne-Mari

lørdag 17. september 2011

Til minneboka...

Tenkjer ofte på at det har vore ein flott sommar
 ilag med borneborna.
Trur ikkje dei bryr seg så mykje om veret,
dei tek det som det kjem og er glade og lukkelege
her og no.


Ein tidleg junimorgon var storefjøra
akkurat slik fedrene deira og farmor hugsa frå sin barndom.
Eit eldorado av spennende liv gøymer seg i taren, under steinar og nedi sanden,
det må berre opplevast !!




Litt regn er ingen hindring, kanskje er det fisk å få ?



Større sjangse for å få fisk når ein tek båt utpå... ?


Sjå der du, ei flott Bergyltre beit på.



Den skal få leve i gode forhold på land ei stund,
og då må den få mat.
Knuse kukkelurer og ta ut innmaten er god føde
for Bergyltra.
Det høyrer med til historia at den vart sett fri etter at
sysken og foreldre hadde fått sett underet :-)



I Tuå er storesteinen ei spennende oppleving.
Hit opp kjem dei ikkje før dei greier å kome seg opp sjølve :-)



Endeleg, i august vart det freistande med bading.
Her er det berre å hive seg i det våte element..



Ein framand gjest i fjøra flytta tankane vekk frå det
som skremde oss 22.juli 2011
Godt å få skjerme borna for alt det grusomme som var
i media heile tida.



I trollskogen nær hytta på Harpefossen er det spennende å vere



Eldstemann på fisketur ilag med farfar.
Det er fleire fiskevatn i fjella rundt
hytta


Det har vore ein strålande septemberkveld og jentene
klatra oppå ein stein og kosa seg i solnedgongen.



Sola er borte tidlegare her enn heime i Tuå,
men det har sin sjarm og sjå siste solstrålane i fjella bak hytta.

Idag såg me første nysnøen på to fjelltoppar,


difor avsluttar eg med haustblomane utfor hyttedøra.
..........

Eg takkar alle som er innom bloggen min, til følgarane,
 og ikkje minst til dokke som kommenterer.

God klem frå Anne-Mari




fredag 16. september 2011

Det gode liv II

Endeleg har eg fått PCen på bordet igjen,
den har fått full overhaling på garantien så no er eg glad og nøgd.
No vil eg  halde fram med å vise noko av det eg set pris på i
kvardagen

Dette skiltet som svigerdotter Tanja har laga
gir varme i sjela..


Når eg går mine daglege turar med Bessie er det
mykje å glede seg over

som denne nydelege Georginen utfor døra
til Bessie si matmor.

 I nærområdet,som dokke
hugsa er finaste stad på jord ;-)  
har eg glede av å nyte synet av Rognebær


På norsk folkemunne:
"høyt henger de- og sure er de, sa reven "


Rogna skal ha sterke magiske krefter, og er blitt brukt som
tuntre både i Skottland og Finland for å verna mot alt vondt.
rognebæra kan nyttast i til dømes rognebærgelè, og den er ein
viktig ingrediens i brennevinet Gammel Dansk !

Det eg er mest glad for når eg ser all rognebæra er sagnet:
"mye rognebær på treet betyr lite snø til vinteren, for
treet klarer ikke to tunge bører same år"

Eg vil gjerne ha snø på fjellet, men ikkje her i lavlandet så
ditta ordtaket likar eg.


 Til slutt vil eg slå eit slag for Nypa, eller "Jupa"
som er namnet her i Tuå...
Nypa burde me bruke mykje meir, den har
eit svært høgt innhald av C-vitamin.
Ingen andre norske frukt eller bær har så mykje.
Gjennom åra har eg laga nokre glas med nypesyltety, men ikkje
denne sommaren.
Eg ser på det som eit luksus-syltety fordi det er så mykje
plukkarbeid å rense dei, men resultatet er glimrande.

Eg ynskjer alle ei fin helg !

Klem frå Anne-Mari

lørdag 10. september 2011

Tolmod ?

Jøje då kor det røyne på tolmodet mitt..
Ventar med lengsel på den gode PCen min som brått hadde svart skjerm og er til
reparasjon. Eg brukar mobilen til mykje, men får
ikkje til å endre på noko i bloggen :-(
Idag gjorde eg då det store, leita fram gamle PCen og sette i gong...
Resultatet ser dokke, rota til utsjånaden og så streika maskina ! !

No må eg berre puste djupt og gå ut i fineveret :-)

Ynskjer dokke alle ei fin helg :-)

Klem frå Anne-Mari

søndag 4. september 2011

Hei. Lenge sidan sist eg skreiv. PC ute av drift i fleire veker avgrensar aktivitetane mine på fleire måtar ;-) Min nye telefon med androidfunksjon tek meg med uti verda, men kunnskapane mine er ikkje komne langt nok ;-) Eg får ikkje til å legge inn bilder i bloggen frå den :-( Tenkte dokke skulle få sjå noko av det eg har gjort i helga, hermetisert plommer. Godt å ha noko søtt til kaffien utover året ;-) Bilde kjem seinare ! Eg kjem tilbake så snart eg kan ! Tusen takk for alle kjekke tilbakemeldingar både skriftlege og munnlege :-) Det varmar :-) Varm klem frå Anne-Mari