søndag 29. april 2012

Erlerida

=  snøfall seint på våren

 Denne helga har me hatt det.

Vakna til dette laurdag morgon
 Hadde planglagt tur til loppemarknad,
snø inga hindring :)

Figgjoterrinen har stempel frå 1950
betalte 10 kr for den !
Husbonden fann lesestoff. 
 dukar og flasker til 5 kr,
 2 kr for tesilen ;)

 Søndag kom med strålande sol ☼

Eit fint høve til å ta dei heimevovne teppa
ut i snøen og friske dei opp litt.
(tørrvask ??) 

Snøen forsvant medan teppa tørka og
lufta seg på steinkanten.
Her skal det bli terrasse i sommar.

  Koseleg med arva tepper.
Teppet på veggen er òg eit arvestykke. 

Takk for alle helsingane frå dokke.
Det er inspirerande !
God søndag vidare !

helsing Anne-Mari


onsdag 25. april 2012

Lyst og fint

Omgivnadane mine har fått
ei radikal endring siste vekene.
Den trekvite panelen i taket
og trappeholet har vore mørk
og trasig (svært) lenge.
Furuparketten hadde sett betre dagar.
Men, sjå her

 Det er nesten ikkje til å tru

 Med så lyst tak kan eg kanskje gå tilbake
til svakare briller ;)

No er det mange avgjerdsler som skal
takast.
Først må alle brytarar bytast ut...dei er "skitkvite".
Kva slags lampar skal me ha ??
Bruke dei gamle som me arva ?
--og så frametter og frametter--

Har kjent meg "heimalaus" denne tida, men
veret har vore så fint at det gjekk an å vere ute.
Fylgje med det som blomstrar

Desse narcissene har eg 
 hatt sidan 1970 talet då eg fekk løkar av
ein pasient eg hadde som heimesjukepleiar


Ranuklen har eg vist før,
den blomstrar sjøl om blada er litt stusslege.


Ynskjer dykk ein fortreffeleg onsdag !

Klem frå Anne-Mari




mandag 23. april 2012

Loppefunn

No er det sesong for 
loppemarknadar.

Kjenner på meg at eg gjorde nokre 
gode kjøp i helga..

 Denne Smith-Corona Clipper skrivemaskina
er frå 1948.
Den kan brukast, men eg må ha
nytt skriveband.
Nokon som veit kvar ?

Det brune fatet er slite, men
eg har leita etter eit slikt stort fat,
og vips der fann eg det :)

 Eit tungt brett, slite, men fint.
Eit lite påleggsfat, eit litersglas av den lave typen,
 ein stor duk.


Stativ til oppvasken :)

Alt i alt ein super handledag !


Takk for alle helsingane på forrige innlegg !
Dokke er så kjekke ♥

Ynskjer alle ei fin veke !


Klem frå Anne-Mari



fredag 20. april 2012

Himmelsk

Det er nydelege dagar denne veka,
skarpt i lufta med gradestokk som viser ned mot
frysepunktet, men sola varmar i leveggen.

Når kvelden kjem 
er dette bonusen :)

Utsikta gir meg mange gleder.
Solnedgongen sine fargar vekslar mykje.
Dette var i gårkveld.
Du ser Runde (fugleøya) lengst vekk,
 midt i bildet.

Skipsverftet sine kraner er vakre i himmleranda.
Her blir viktige verdiar skapt. 


  Dette er mitt bidrag i

Sjå fleire himmelske bilder
http://petuniablogg.blogspot.com/ 




tirsdag 17. april 2012

Blå vårblomster

Eg er glad og undrande,
tenk det har vore over ti tusen vitjingar
på bloggen min !!
Er audmjuk og har litt prestasjonsangst
for å kunne fylgje opp merksemda.

Mest vist er innlegget Røyskatt med
nesten tre gongar så mange treff som neste innlegg
Ei anna tid

Røyskatt har visittar kvar dag !!

------------

Her er fine dagar med sol,
og nordavind.
Sjøl om det er kaldt kan ein finne overraskingar.
Denne veks på ein lun plass

Gravmyrt vinca minor
I litteraturen står det at den blomstrar
i mai/juni !
Og tenk, no er den i full blomst i april !
Supert !

Kanskje nokon hugsar at eg likar godt
blåfargen

Blåstjerne Scilla
ein av dei to vårblomstrane eg  ser
etter tidleg om våren

Perleblomst Muscari
er den andre.

 Kviteveis/kvitsymre/geitsyre
kjært barn har mange namn.
Ikkje blå, men eit sikkert vårteikn eg ser etter.

Ynskjer alle ein fin vårdag !

Helsing Anne-Mari 



mandag 16. april 2012

Du skal itte trø i graset


Frå min tidlege ungdom har eg likt dette
 diktet av Einar Skjæraasen
Frå boka: Sju undringens mil  

Du ska itte trø i graset.
Spede spira lyt få stå.
Mållaust liv har og e mening
du lyt sjå og tenkje på.
På Guds jord og i hass hage
er du sjøl et lite strå.


 Bessie sin fot er mjuk ...

Du ska itte røre reiret,
reiret er ei lita seng.
Over tynne bån brer erla
ut si vâre varme veng.
Pipet i den minste strupe
ska bli kvitring over eng.

Du ska itte setta snuru
når du sir et hara-spor.
Du ska sjå deg for og akte
alt som flyg og spring og gror.
Du er sjøl en liten vek en,
du treng sjøl en storebror.
Harespor ved hytta


Takk for at du tittar innom !
Eg ynskjer nye følgarar hjerteleg velkomne !
Takk for alle fine ord og helsingar :)

Klem frå Anne-Mari


 

lørdag 14. april 2012

14. april - Sommardag


Sommarsida på primstaven startar i dag.
Merket er eit lauvtre og 
markerar inngongen til sommarhalvåret

 Frys vatnet sommardagen blir det uår,
snøar det skal det bli 9 snødagar til sommaren 
verkeleg kjem ;
Er det varmt den dagen blir det ein varm sommar ☼

Mange stadar i landet var det sådag.
I sør-Noreg var det flyttedag for tenarane.


Gamle skikkar og overtru seier at:
Idag måtte ein ikkje arbeide med noko som gjekk rundt
for då ville kyr og sau svirre rundt utan å 
kunne beite skikkeleg.


Eg for min del ser fram til sommar
med sol og markblomster ☼


Måtte det vere varmt over heile landet i dag.
 Her er det blå himmel og
strålande morgonsol ♥
men kaldt...


Helsing Anne-Mari



torsdag 12. april 2012

Tusenfryd

Eg fortalde om plantene som skulle plantast ut
før påske, men som pga snøfallet
måtte "kose" seg inne medan sjølafolket 
ferierte på hytta.

Stakarane var både tørre og visne då
dei endeleg fekk kome ut i det fri

Tusefryd bellis perennis
 
 Litt "tame" i fargen, men
skal bli purpurraude :)

Til venstre Ranunkel
ranunculuc-hybrid
Den skal tole temperatur ned til minus 2 gr
og er ein nydeleg blomst.
Vonar den vil bli fin :)

Tusen hjerteleg takk for alle dei oppmuntrande 
kommentarane til forrige innlegg.
Det varma ♥

Ynskjer fin torsdag til alle.
Her, akkurat no, regnar det frå blå himmel og solskin
Spennande ver :)

God klem frå Anne-Mari


tirsdag 10. april 2012

Trygd og kjensler

Kosar meg med det fine bildet eg fekk
i avskjedsgåve frå alle på siste arbeidsplassen min

 Likar måleria til denne kunstnaren

Den dagen eg fekk gåva var ein slik dag som både
er sår og god
God fordi eg var i lag med alle dei gode og kjekke
menneska eg hadde sett dagleg i mange år 
God fordi dei sa mange vakre ord til meg

Sår fordi eg ikkje skulle vere ein av dei lenger
Sår fordi mitt yrkesaktive liv var over
På heimvegen gjorde regn mot bilruta og tårer i augo det
vanskeleg å køyre

Glad ?- ja fordi eg bur i eit godt land der eg blir teken vare på
- nei fordi det var ikkje dette eg ville,
var ikkje dette eg såg for meg..

Sakn
Saknar å vere med der det skjer

Det skjøre tynne loket som ligg over kjenslene omkring 
det å vere uføretrygda fekk sprekker
denne påska
Debatt om gruppa eg er ein del av
Å bli uføretrygda kan gå i arv...!
sa Erna, 
veit ho det ?




lørdag 7. april 2012

Ei bok eg har lese

Har alltid likt godt å lese bøker.
For nokre år sidan vart livet snudd litt opp-ned.
Etter det likar ikkje haudet mitt for lange bolkar med
lesing. Difor prøver eg å unngå altfor spanande bøker
som eg ikkje kan legge frå meg.

Greier ikkje gjennomføre det i praksis for eg
blir fort fengd av gode bøker.

Slik som denne:
Boka handlar om Jack og Mabel som har ei stor sorg i livet,
deira einaste barn var dødfødt.
Dei flyttar til Alaska for å starte på nytt på 1920 talet.
Livet her byr på mykje slit og ekteskapet skrantar.
Ein kveld lagar dei ei snøjente som dei pyntar med
høy til hår og med skjerf og vottar.
Dagen etter er snøjenta vekk, men dei
ser ei jente i skogkanten som har på
same skjerfet og vottane.
Kan ho vere verkeleg ? Eller er det berre innbilning ?
Dei får etterkvart kontakt med henne. Ho kallar
seg Faina, er eit barn av skogen og overlever
på uforklarleg vis.
Historia til jenta lignar på eit russisk eventyr som
Mabel hugsar frå sin barndom.
Livet til ekteparet endrar seg for alltid.

Tipset om denne boka fann eg i bloggen til
Første sidene i boka var litt tunge, men
etterkvart vart den så fengjande at det var vanskeleg å
legge den frå seg.
I dagane før Osloturen måtte den leggast vekk så eg
 skulle få glede av turen.
Vel heimkoma kom eg i mål med ei nydeleg og
spanande reise i Alaskas villmark.

Denne boka anbefalar eg !


onsdag 4. april 2012

Påske

Har kjøpt inn mange fine planter og var tenkt
å pynte litt rundt dørene både heime og hytta.

Heime er det som dei fleste har fått med seg skikkeleg 
vinter med snø og kulde.

Slik ser dei gule Narcissene ut :(
 Eg har bestemt meg for å spare
dei nye plantene til påska er over.

Heller pynte litt inne på hytta

Sjå fine påskepynten Leah Sofie 4 år 
hadde med frå barnehagen ♥ 

 Ginsengplanta

 
Dei gamle tinngjenstandane held seg år etter år :)

Handla litt på Kremmerhuset i fjor.

Framleis god påske til alle der ute

Helsing Anne-Mari

mandag 2. april 2012

Snøv

Eg er så heldig å ha svigerforeldra mine
i nærleiken.
Dei er oppi åra no, men har eit
livsmot og hugs som me yngre berre kan
drøyme om
Dei har vore gifte i snart 66 år !!

Eit døme på svigermor sin gode hugs er då ho idag sa
at dei har vore ilag sidan
23. eller 24. mai 1944 !!

Judith er 84, og Hans er 90 år

Denne helga (palmehelga) har snøen lava ned her heime.
Har ofte høyrt at dei brukar forskjellege namn på snøen
så me tok med noko godt til kaffi og fekk
dei til å fortelje.

Her brukar eg dialektordet snøv som er vanleg her.

Fjautr - litt snøv i lufta, berre så vidt du ser fjoma

Mjellsnøv - tørr snøv (pudder), fyk ofte i skavlar

Slettekave - sludd

Blåstøde - snøv og vatn blanda, blåfarge på snøven

Kræmesnøv - kram snøv, fuktig, ikkje våt, god å lage snømann av

Klabbeføre - litt våt og fuktig snøv, legg seg tjukt under skia
som å gå på styltrer

Skaresnøv - knallhard snøv

Haglebarèling - haglbyge

Judith og Hans brukar mange gode ord og uttrykk
som absolutt skulle vore skreve ned.

Men forsørge meg trur eg dokke forstandige
kan nokre av dei

Helsing Anne-Mari







søndag 1. april 2012

Takk for alle kjekke kommentarane på
bokstavinlegget.
Godt og inspirerande at dokke
er så snille

Etter eindel trøbbel med PCen
(igjen)
er eg klar, om enn litt forseinka,
med dette innlegget.

Med mange munnar å mette i fjellheimen
smakar det med litt heimelaga
Denne oppskrifta på grove rundstykker
har eg brukt i mange år.
 
Fann den i Sunnmørsposten
i sida til Gunda Djupvik
som no har bloggen altgodt

Skiftar ut  mjølk, og brukar berre vatn,
som eg byrja med då eit av borneborna
var allergisk.

Grove rundstykker er lett å ty til både
som mellom-måltid og til frukost.

Til lammesteika seinare i påska
må me ha litt "barnesikker" kost
Gode gamaldagse kjøtkaker,
steikte i den gode steikjepanna frå Scanpan,
ligg klar i fryseboksa :)

No er det berre å gle seg til gode dagar
i påskefjellet !

Eg ynskjer alle ei
God påske !!

Helsing Anne-Mari