onsdag 30. mai 2012

Fruktblomstring

Glimt frå ein biltur i
pinsa

 Blomstrande frukttre i bratte bakkar
med fin utsikt over fjorden




Koseleg inngongsparti som eg gjerne 
skulle hatt heime :)

Fin dag til deg som stikk innom ♥

Helsing Anne-Mari


lørdag 26. mai 2012

God pinsehelg !

Eg vil ynskje God pinse til deg som stikk innom 
med bilde av

  Løvetann - taraxacum officinale

eller "Kapplau" som er mitt dialektord på denne
 vakre planta.
Den blir sett på som ugras, men urtelegar ser på den 
med respekt !
Som medisinplante kan den brukast mot forstoppelse, kviser, eksem,
revmatiske sjukdomar og mykje meir.
Den kan også brukast til mat og til vinlegging.


Eg veit ikkje kva gardbrukaren meinar om planta,
men vakkert er det.
"Eller som han sa kapteinen som står på brua ombord i
eit av verdas største skip.
Løvetanna på grøne bøar står fram som verdas finaste
blome når du er på hi sida av jorda."
(skrive av mannen min i ei av hans forteljingar )

Helsing Anne-Mari


 

torsdag 24. mai 2012

Berlin

Vel heime
 etter strålande dagar i 
Berlin 

Brandenburger Tor
Vanskeleg å få bilde berre av seg sjøl i ein storby....

Ka De We 
Eit av Europas største varehus !
ligg på 
 Eg får assosiasjonar til ei viss type
lyst brød når eg høyrer namnet
Wittenberg :)


Sesong for kvit asparges,
her med Hollandaisesaus og grilla svinefilet
.
Kristallweissbier,
øl brygga på kveite.


30 grader
Restar av Berlinmuren

Holocaust Memorial reist til minne om europeiske jøder drept 
under andre verdenskrig. 
Minnesmerket består av 2.711 sementklosser plassert på et ujamt underlag
 over eit område på 19.000 kvadratmeter.  

Andre sterke inntrykk var tiggande "mødre"/kvinner med
småbarn/babyar på fanget.
Borna tilsynelatande i søvn !!
(orka ikkje å ta bilde av dei)
Fekk ikkje ut av tankane at dei truleg er rusa
eller bedøvde for å ligge i ro på fanget.

Men, Berlin er ein spennande by.
Eg vil gjerne dit igjen !!

Takk til alle som har vitja meg medan eg var vekk ♥
Ynskjer velkomen att :)

Helsing Anne-Mari


 


fredag 18. mai 2012

18. mai

Etter overnatting er
"ekspedisjon" med farfar 
alltid spennande ♥

 Celina Marie og Hans-Petter i fjørå.

Mangt å sjå, ein død måse..

 Wow, måsereir er ikkje kvardagskost å sjå lenger.
I farmor sin barndom var det mengder av slike.

Kva slags dyr har vore her ?

Skulle nesten tru det er sommar ☼

 Steinsamlinga etter turen !
 vaska med såpe og vatn.
Mange samanligningar, ser du hjerter, colaflaska,
krabbeklo, boomerang og skjell.....?

 Alle kleda var våte så kriselageret til farmor
måtte brukast ;)
Dei måtte sjølsagt på storesteinen !


Til slutt,
akkurat no,
 i kveld kl. 22.20

Vakkert !!

God helg til alle som tittar innom :)

Helsing Anne-Mari 



torsdag 17. mai 2012

17. mai desserten

er ein tradisjon i vår familie.
Den har fylgt med sidan eg var lita.

 Enkel førebuing.
Dagen før lagar eg gele og eggedosis med gelantin,
kremen piskast 17. mai morgon

 Legg lagvis ingrediensane i ei serveringsskål,
vaniljesaus for den som ynskjer.

 Velbekomme !

Vonar alle har hatt ei god feiring av nasjonaldagen
sjøl om veret ikkje har vore det beste.

onsdag 16. mai 2012

Ut på tur ..3

Siste attraksjon me ville ha med oss denne laurdagen var
Kråkenes fyr.
På veg dit vart me forundra over den flotte breie
vegen gjennom bygda Kvalheim.
Den tok oss over eit fjell og der såg me noko  som
kan vere grunnen til dette,

13 vindmøller ! 

Vegen gjekk vidare gjennom spennande terreng, og
der fekk me sjå


Kvernhus som viser at her ute er det lang tradisjon
for å spele på lag med og utnytte naturkreftene.

Har lånt eit bilde frå nettet som viser 

Kråkenes fyr

Den ligg mot det frykta Stadthavet.
Fyret har eigen værstasjon som sender data til 
Meteriologisk institutt.
Fyret vart oppretta i 1906, men bomba under andre verdenskrig.
Nytt stod ferdig i 1950.
Fyret er automatisert og avfolka i 1991.

 Attom synsranda ligg Færøyane. 


 Det er muleg å leige "brudesuite" her !!

Kråkenes fyr er eit av dei viktigaste turistmåla i Vågsøy.

Fulle av flotte opplevingar avslutta me turen, køyrde
via Måløy tilbake til hytta.

Og alle var samde om at det var ein gild tur :-))



tirsdag 15. mai 2012

Ut på tur ..2

Refviksanden i Vågsøy var neste mål for turen denne laurdagen.
Svigerdøtra frå Lofoten ville sjå om denne stranda kan måle seg med

Ho vart nok  imponert då ho såg denne

Dette bildet er lånt frå nettet.

Her kunne ho og borna drøyme om sol, varme
og bading ☼

Refviksanden er 1,5 km lang og kåra til
ei av Noregs finaste badestrender.

Refvika er ein flott og verhard plass.
Ser ein utover bygda er der ikkje eit einaste hus
som har vindauge på den søre veggen. I staden har dei
ein heildekt betongvegg

som skal hindre at vatn og vind skal trenge inn i husa.
Med sørvest sterk storm kan det vere livsfarleg å
ferdast ute. 

Me lever i eit spennande land !

 



mandag 14. mai 2012

Ut på tur..1


Kannesteinen i ytre Nordfjord var eit av måla
denne laurdagen

 ein spesiell stettforma stein som står i fjøra i bygda Oppedal i
Vågsøy kommune
Kannesteinen har vorte forma av lause steinar og bølgjedraget
gjennom tusener av år.
Steinane har rugga fram og tilbake og vorte tilslipne medan dei 
har greve seg nedover i fjellet.
Etter kvart som nye steinar har kome til har sidene av grytene
vorte slipt bort, og berre 
midtpartiet står att i dag.
Steinen er om lag 4-5 meter høg.

 Eldstesonen og barnebarnet

Mannen min såg det trolske
 Samtale ..

Auget som ser....

Hm..
Spennande !

------------
Eg takkar hjerteleg for alle dei gode kommentarane
til forrige innlegg !

Klem frå Anne-Mari




lørdag 12. mai 2012

Brødfjøla

Eg har skrive om svigerforeldra mine
tidlegare her
Dei har levd ilag lenge
og flytta inn i eige hus i 1950.
I det høve laga Hans ei brødfjøl til Judith

 Bokstavane hennar JK er skore inn på eine sida.
Han hadde sot i skuren for at det skulle vise betre.

Dagleg bruk i 62 år gjer at skjeresida er slik idag 

Fleire hundre tusen brødskiver er skorne
på fjøla !

Svigermor er ein kløppar til å bake brød,
ingen over - ingen ved sida !

Ein kan undre seg over kva fjøla har sett og høyrt gjennom alle år.. 
når borna var små og sprang ut og inn,
når dei fekk kjærestar og brødskiver med heimelaga mòr var nattmat,
hugsar det godt ♥
No er dei to mykje åleine i kvarandre sitt selskap.
Interessa for det som skjer i samfunnet er framleis sterk,
svigermor seier at dei har alltid ting å snakke om !

God laurdag ynskjer eg alle som kjem innom !

Helsing Anne-Mari






 

onsdag 9. mai 2012

Gåve i posten ☼

Hipp hurra !
Jammen er eg heldig,
Eg vann Gi bort gåve hos
som feira at ho har blogga sidan 2008 og skreve over
500 innlegg !!
Ein spennande blogg som eg les med stor interesse. 
Ho er fantastisk flink med alt slags handarbeid :)

 Tusen tusen takk for dei flotte gåvene :)
Adresselappen skal takast i bruk  på kofferten når eg 
snart skal ut og reise :) 
Konvoluttveska skal også bli med.
Fingerpinnane og godisen brukar eg  heime ;)

Nyttar høvet til å vise fram Ranunklen, slik 
den står idag ♥
Ei sterk og robust plante som likar seg
sjøl om det har regna, snøa og vore kaldt.

Eg ynskjer fin dag til alle som stikk innom !

Klem frå Anne-Mari



mandag 7. mai 2012

Brennsnut

Trur eg trygt kan seie at dette er ein av
favorittmiddagane mine.

 Brennsnut kokt på fenalårbein (med litt kjøt på),
mòr og pølser frå Brudevoll.
Eg gjer det enkelt og brukar ferdigkutta
poteter/grønsaker
Det kostar kr 13,90 pr. kg !
og eg sparer meg mykje arbeid med skrelling og kutting.

 Lagar som oftast ei stor panne og
deler med glede ut porsjonar til fleire som set pris på den :)

Mmmm, et til eg nesten sprekk :) 

Tusen takk for alle gode kommentarane frå dokke !
Velkomne til nye fylgjarar !


lørdag 5. mai 2012

Ved døra

Roa, hytta vår har fått sauebjøller
utfor døra.
Kjøpt på loppemarknad for 5 kr !
Kjem nok til å høyre når gjestar er i anmarsj.

 Far min samla krokar i naturen,
svigerfar har laga skiltet.

 I ein ofseleg snøkave i sentrum i dag,
kjøpte eg stemorsblomster.
Dei er ikkje så nøye med kulden så
eg regnar med dei greier seg.

God laurdagskveld der ute !


onsdag 2. mai 2012

Gardiner

I dag var det klart for opphenging
av gardinene i stova etter oppussinga.
Hengde opp att dei eg hadde.

Eg har ikkje vaska dei !
Er så takksam og einige med 
ein klok seljar eg møtte ein gong.
Eg spurde om gardinene kunne vaskast og om dei krympa
Han svara: kvifor drive å vaske gardiner, 
vaskar du møblane ?
Risting og lufting held lenge :)

  Liftgardiner på dei andre vindauga.
 Gardinene er i lin og sydde hos 
Eg likar dei godt, dei er tidlause og
passar til det meste.
Og dei ser ikkje skitne ut !!
 Fin kveld til alle som stikk innom.