søndag 30. desember 2012

Takk for i år !

Då er året 2012 snart omme.
Eg vil takke alle som har besøkt bloggen min dette året.
Eg er overvelda og audmjuk over å få så mange positive reaksjonar.
Det er inspirerande og kjekt å treffe så
mange hyggelege bloggvener,
kjenner det nesten som me 
er i familie.

Kvar og ein skal få ei
blomsterhelsing
i bilde.

 Amaryllisen blomstra fint i jula



Eg vonar me får halde kontakta også i det
nye året.

Godt nytt år !

God klem frå Anne-Mari

fredag 28. desember 2012

" fuggelband "

Her på hytta er det
ca 30 cm nysnø.
Trimmen idag
har eg fått ved å moke snø
og køyre rattkjelke ilag med 5 åringen.
Kjekk trim :)

Fuglebrettet som eldste sonen 
laga på sløyden
har fått sin plass her ved hytta.

Fuglane kjem og fær i fykande fart
og umulege å få ta bilde av...
Kjøtmeisa frå Wikipedia kan
representere fuglane som
brukar å vere her.

Romjulshelsing frå Anne-Mari

onsdag 26. desember 2012

Jul på hytta


Julaftan kom med mange gåver
på plass under juletreet.
Til tre systre, 
 foreldra og besteforeldra.
Den vesle på 6 veker er i sentrum ♥
og har sitt utstyr i mange rom.
Herleg å få vere ilag med henne og
bli betre kjent.

Eit lite utval av 
Georg Jensen julepynten i treet
som storesystrene har fått av pappaen sin
 i julegåve kvart år
sidan si første jul.

Eg ynskjer gode romjulsdagar !

Anne-Mari


 

 
 

søndag 23. desember 2012

Julehytta

Idag er det vesle-julaftan og  eg vil ynskje
GOD JUL
til familie og venner !


Når me feirar jul på hytta er sjølsagt
Julehytta 
med.

Mannen til mi gode venninne Helene,
Kjell Vangen i Odda har laga dette 
flotte kunstverket.

Dei mange fine detaljane er
til å gi seg ende over og nyte.
Det gjer nissane òg..
 
Er alt på plass tru ...?

Alle dei einskilde delane er laga for hand.
Ingenting er tilfeldig.

Eg er stolt og glad over å eige eit slikt
meisterstykke.

Juleklem frå Anne-Mari

lørdag 22. desember 2012

Strikkepinne-etui og gåve

Eg var så heldig å vinne
kalendargåve hos
Spirea i bloggen

Hjertespor 

Ta deg ein tur innom hos henne og
les dei gode og tankevekkjande
innlegga ho skriv.

Det skal bli deilig å kose seg
med  godsakene :)
Tusen takk Spirea !

For nokre dagar sidan kom eit 
strikkepinne-etui i posten
Det er det andre eg kjøper.
Du kan lese om det første
HER 


Det nydelege handarbeidet er laga av 
Ann-Mari med bloggen


Ho er ei kreativ dame som lagar dei
mest fantastiske ting.
Stikk innom henne og sjå !

Eg takkar Spirea og Ann-Mari 
og ynskjer dei God jul !

God jul ynskjer eg til alle som stikk innom !
 Klem frå Anne-Mari


torsdag 20. desember 2012

Himmelsk # 116

Mitt himmelske bidrag
er frå Hareid med utsikt
mot Sunnmørsalpar

Mannen min er i frå dette området
og meinar her er vakraste stad på jord :)

Sjå fleire himmelske bilder hos


Ynskjer god siste torsdag før jul :)
Klem frå Anne-Mari

tirsdag 18. desember 2012

Juletre

Må vedgå at eg etterkvart har fått eit 
nokså motstridande forhold til juletre.
Med kroniske allergiproblem vart det
etter mange år med 
trasige symptom kvar jul,
 kjøpt juletre i plast her i heimen.
Har aldri likt det, men 
det er eit alternativ.
For to år sidan skulle me feire jul
i den nye hytta vår på fjellet.
Eg hadde sett  ut eit fint grantre i tomtegrensa.
Det skulle me ha til juletre !
Einkvan ymta litt fram på om allergi, men eg avviste 
det blankt.
 (fortrenging)
Det går ikkje an å ha plasttre på hytta !
Aldri i livet !
Jaja, mannen min saga ned treet og sette det i stova.
Det kan òg seiast at 
svigerdotter Renathe ville ha eit stooort tre,
lite skulle kuttast av.
Svigerfaren stakkar, fekk nesten ikkje 
 stjerna på toppen fordi den tok i taket,
treet bøygde seg faktisk litt unna ;)
Men åh, kor fint med
levande juletre ♥ 



Neste morgen kom med snue og hoste,
sikkert det kalde soveromet som har skulda (sa mannen min)  ...
Dagane gjekk, farmor vart meir og meir " forkjølt " !
tett i nasen, tung i pusten...
Etter nokre dagar seier Renathe, " kan det vere
juletreet  som gjer deg så tett .. ? "
Nja, eg måtte berre vedgå at det antakeleg var
der årsaka låg.
Kva eg reagerer på i levande tre er ikkje godt 
å seie, pollen, mugg, dei 20 000 levande ørsmå krypa
som er i eit tre ?... ikkje veit eg.
 Men nyåret starta med
bihulebetennelse og lungebetennelse !


Neste jul (i fjor) var det ikkje spørsmål.
Eg måtte " bite i det sure eplet "
Plastjuletre skulle i hus,
også på hytta.
Eg gjekk med på det, men å finne eit
plasttre som passar og ser naturleg ut ?? 
Nei.
  "alle" sa me hadde kjøpt eit fint tre,
men eg  
LIKAR DET IKKJE !!

No tenkjer eg at
når ein først skal ha eit Uekte juletre ,
 kan ein kanskje variere litt. 
Satse på ny type
juletre
i år ?


Trur ikkje det...

Tja, 
ekte trefjøler iallfall...
(dei to siste bilda tok eg i eit kjøpesenter i Kiel )

Er du einig ?
Ekte, levande juletre er finast.

Juletreet i plast er på veg ned frå loftet,
det må vel tørkast støv av..
og med pynt som born, borneborn
og tanteborn har laga
blir det fint.

Takk til alle som vitjar bloggen min !
Eg ynskjer dokke gode
 førjulsdagar.

Klem frå Anne-Mari


søndag 16. desember 2012

3. søndag i advent

Nesten vår i lufta i dag,
8 plussgrader !
Det er vel det som er sjarmen med å bu på 
Sunnmøre
Her er ikkje kjedeleg med berre ein sort ver i lange tider ;)
Inne er det koseleg når mørkeret 
legg seg over landskapet ute

 Tre lys er tende i 
 adventsstaken
( ja, eg har to )

Ved inngongsdøra kan eg  trygt "tenne lys"
Batterilys er geniale i så måte

 Lerkegreina har fått plass i trappa,
med fine hekla koppeunderlag eg fekk av 
ei tante for mange år sidan

Eg ynskjer god ny veke til deg der ute !

Klem frå Anne-Mari

lørdag 15. desember 2012

Frostrøyk

Det har vore fine og kalde dagar
denne veka.
Den 12.12.12 
var det tid for tur til Ålesund. 
Ferjekaia på Hareid
var første stopp

Frostrøyk utfor hamna

Den vakre utsikta gjorde
ventetida kort

Kjensla av noko trolsk når ferja kjem
ut av frostrøyken

Bilar og mennesker kjem og fær,
det pulserande livet.

Eg ynskjer god helg til alle som stikk innom !

Anne-Mari
 

fredag 14. desember 2012

Alternativ julegåve



I førjulstida opplever eg
at det er vanskeleg å finne på
julegåver til familie og venner.
Dei fleste har alt dei treng og har lyst på frå før. 
Det blir sjølsagt kjøpt eitkvart.
Men siste åra har me i tillegg gitt
 alternativer gåver til sønene våre.
Har støtta forskjellege organisasjonar,
men siste tre åra har me kjøpt gåvebrev 
som gir skulegong til fattige og 
foreldrelause born i Zimbabwe.


TAWANDA 

er ein organisasjon som starta etter at to
anestesisjukepleiarar ved Ålesund sjukehus
reiste til eit sjukehus i Simbabwe
og jobba der i 2002
Dei reiser dit kvart år
og pengane dei får inn 
går uavkorta til 

Howard hospital
og
Skuleprosjektet


Eg gir fast bidrag kvar måned til Tawanda,
og før jul sender dei e-post til
sin faste givarar
der minner om at ein
kan kjøpe gåvebrev:

"
Kan du tenke deg å gi en alternativ julegave?
Din gave til en spesiell person kan også få 
stor betydning for et annet menneske.
Vi har en god idé der du gir et gavebrev som gir 
 skolegang til fattige og foreldreløse barn i Zimbabwe.
 Gavebrev Barneskole: 6mnd. kr.150, 12mnd. kr.300. 
GavebrevVideregående skole: 6mnd. kr.500, 12mnd. kr.1000.

Dersom dette kan være en idè for deg, og du vil gi bort et gavebrev,
ta kontakt med: 

May Wartdal, tlf. 975 11 003. Email: mbwartdal@yahoo.no
Inger Rusten, tlf. 928 59 994. Email: inrusten@mimer.no
For mer informasjon om vårt arbeid for skolegang til foreldreløse barn i Zimbabwe se
Hilsen styret i TAWANDA
"

Det monnar så lite, men eg kjenner at 
det er fint å kunne bidra litt 
av overfloda.
Klikk på linkane over og sjå om det kan
vere interessant for deg.
Kanskje har du andre alternative idèar du vil dele.
Helsing Anne-Mari

torsdag 13. desember 2012

Himmelsk i desember

Petunia 
har utfordringa
Himmelsk # 115
i dag
 I det høve viser eg 
utsikta frå kjøkenglaset
igjen
 Slik var himmelen sist helg.
Fargane skiftar stadig,
det er berre å nyte.

Sjå fleire himmelske bilder
HER 


tirsdag 11. desember 2012

Tørre kaker

Eg hadde igrunnen ikkje tenkt å bake
tørre kaker til jul i år.
Kasta det som var i boksane frå i fjor
då det nærma seg sommar.
Men så blir ein litt påverka då...
Og så kom eg på at Havreflarn, det syns dei var godt, 
både borna og dei vaksne.

 " Grovkveitekjeksa " til svigermor har
eg alltid likt.
Med ost, same kva sort, er dei himmelsk gode,
smeltar på tunga.
I fjor baka eg dei ilag med henne for å få 
vege ingrediensane og skrive
dei ned.
Ho brukar ikkje oppskrifter, har
" det i hendå "
I år baka eg dei åleine. 
Svigerforeldra skal få ei boks,
vonar dei blir nøgde med
dei :) 

Eg trur ikkje det blir fleire tørre sortar i år,
men ein skal aldri seie aldri.....
(lure på om eg skal finne ei oppskrift på
småkaker med hakka sjokolade i...
kjekt å ha til borneborna..hm.. )

Takk for at du besøker meg i desse 
travle førjulstider :)
Eg set stor pris på kvar og ein av dykk !

Klem frå Anne-Mari

søndag 9. desember 2012

Gi bort - trekking


Julepynt til 5 vinnarar
er trekt.
Eg brukte www.random.org til å trekke.
Dei heldige er:
Anonym
  
Ver snar og send postadressa di til meg
amo.kaldhol@tussa.com
så kjem julepynten i god tid før jul :)

Fantastisk at så mange ville vere med,
Eigentleg skulle kvar og ein av dykk fått gåve :)
Tusen takk!
Og hjarteleg velkomne til nye fylgjarar.

Klem frå Anne-Mari


2. søndag i advent

I år er dei fire 
adventslysa 
på ei hylle
Tekst for alle fire søndagane
er skrive på heimelaga papir.
Eg syns det er nydeleg 
og den kjem frå det
kreative
Gamlehuset (trykk her)

Utsalg i fjøset
 laurdag og søndag

Mange spennande ting å få kjøpe hos Tanja,
og tema er gjenbruk.
 


lørdag 8. desember 2012

Gi bort - snart trekking

I morgå kl 21.00
 er siste frist til å 
vere med på
Gi bort 
her på bloggen.
Du kan vinne
julepynt



Viss du vil lese meir og ta lodd
trykker du på linken
 
HER 

Med det same vil eg tipse deg om at 
det er trekking i
Bare lille Elin
 sitt blogglotteri same kveld
Du ser det fine bildet øverst til høgre
her hos meg.
Trykk på bildet og ver med
på lotteriet.

Takk for at du er innom ein tur !

klem frå Anne-Mari
 

fredag 7. desember 2012

Litt adventshekling

Å vere innandørs kan gi
inspirasjon til å prøve
dei fine oppskriftene på bloggane
til andre
Tovepia sine stjerneskudd og
er kjekke å hekle.
Den største pynten
fann eg oppskrift på i eit gamalt Familien

Koseleg med litt adventspynt 
ilag med bilda av alle tantene og onklane mine.

Vonar du får ein fin fredag !
Klem frå Anne-Mari

onsdag 5. desember 2012

Akkurat no

Her hos oss
akkurat no 
er det 10 miusgrader.
Det høyrest ikkje mykje ut,
men det bles kraftig
så eg kjenner
at det er beinkaldt !

 Ute ser det slik ut.
Fint, men det
freistar ikkje å gå ut.
Eg skal bruke kvelden til å hekle
 snøstjerner som
har oppskrift på i bloggen sin.


Minner med det same om 
Gi bort hos meg som eg trekker
9. desember kl 21.00
Du kan vere med ved å trykke 
HER 

Vonar du har det varmt og koseleg
innandørs i kveld :)

Klem frå Anne-Mari


tirsdag 4. desember 2012

Lettvint

Det første eg vil gjere idag
er å takke for alle fine kommentarane.
Det er ikkje måte på alt eg har ville hatt merksemd for.
Først var det Hødd som vart cupmeistra,
så vart eg farmor til ei nydeleg lita prinsesse ♥
og det siste var at eg hadde bursdag...
Og alt skriv eg om,
og kosar meg i glansen av all
merksemda eg får frå dykk
Difor kjære lesarane mine,
desse rosene gir eg til dykk og
takkar og bukkar !

.............

Her i huset går vaskemaskina nesten dagleg
sjøl om me er berre vaksne.
Og lettvint er det.
 Ny, stor og god maskin 
gjer arbeidet.
Tek ut nesten tørre klede,
heng dei på stativ eller legg dei i
tørketrommel.
Lettvint !

Tankane går til mor mi
som hadde mange som
skulle ha reine klede.
På femti-seksti talet var denne vaskemaskina
vanleg
Men den berre vaska,
den sentrifugerte ikkje kleda.

Far min, som var tidleg ute med nyvinningar, 
fekk tak i denne
Han kalla denne innretninga ei
"klæpresse"
Dei la våte klede mellom rullane og 
sveiva til dei kom ut på
andre sida.
Då var det meste av vatnet pressa ut
og kleda kunne hengast opp.

For oss som lever i dag, i ei tid der alt skal vere lettvint,
er det vanskeleg å forstå kor dei som gjekk føre
fekk tid til alt.
Men ein ting er sikkert,
det var ikkje pc, i-Pad, mobiltelefonar mm
som stal tida.

Ynskjer deg ein fin kveld i adventstida.
Klem frå Anne-Mari

 
 

søndag 2. desember 2012

Berre glede !

Å bli eit år eldre 
er i grunnen fint.
Alternativet er mykje verre.
I går var dagen
 då familien
kom til 
"ballegove"
Dette er einaste bildet eg har av maten,
 kan ikkje forvente å hugse meir
når ein er så gamal ;)
Attåt var det saltkjøt,
pølser og mòr frå Brudevoll,
kålrabi, gulerot,mandelpoteter
og baconfeitt.
Alle vart mette !!

Høgdepunktet på dagen var at
veslejenta kom på besøk
for fyrste gong
Nydeleg lita jente ♥

Dei andre borneborna gleda meg også,
som alltid !!
 Farmor blir rørt og glad ♥

Gåver er kjekt
Glede..

og meir glede...

 Nydelege bukettar !

Til slutt hadde me sjølsagt kaffi,
og mini-sunnmørsk-kake-dessertbord ;)

Hjartans takk til alle som gjorde
dagen min rik !

Til alle  dykk som tittar innom 
ynskjer eg ei god adventstid !

God klem frå Anne-Mari