fredag 31. mai 2013

Dublin


Her er litt av det me opplevde i Dublin
dei to - tre dagane.
Molly Malone
eller Cocles and Mussels,
som har gitt namn til den kjende 
irske hymna

Me hadde ein kar i fylgjet som var godt kjent.
Det vart difor besøk i fleire lokale 
brune pubar.
Der åt og drakk me, og
høyrde levande musikk.
Ein kveld var det tre jenter som hadde
eit forrykande Riverdance-show.
Fantastisk.
 Sightseeing i byen med svensktalande 
guide var interessant.
Turen enda i Guinness-bryggeriets Storehouse.
 Her var det omvisning og historieforteljing.
Dei som ikkje er høgderedde fekk
servert 
Guinness i glas-baren i 
9. etasje med fin utsikt over byen.

Millenniumstårnet på ca 130 m
er fint å ha som rettesnor for
å finne vegen.
Bussane er annleis enn heime

Koseleg statue.

Rørande å sjå bronsestatuene av
irske immigrantar som ser utover sjøen og
ventar på å kome vekk frå 
hungersnauda (på 1800-talet), 
og begynne eit nytt liv.

Dette er " levande statuer...."


På flyplassen 
var det Starbucks-kaffi å få kjøpt.

Det freistar å fare til Irland fleire gongar,
kanskje bruke buss eller tog og 
sjå meir av landet.

Takk for at du ville vere med på turen :)

Anne-Mari

torsdag 30. mai 2013

Himmelsk #139


Heimreisa frå Dublin i går var prega venting og forseinkingar.
Det var det godt med ei spennande bok undervegs.

Siste etappe var sjøvegen mot øyriket me bur i.



Denne kunne vere fin å få skyss hos,


men her kjem snøggbåten.





Trøyttleiken eg kjende etter tretten timar på reis
måtte vike plassen for glede over
denne velkomsten.

Fleire himmelske bilde finn du hos
Petunia



- Posted using BlogPress from my iPad

mandag 27. mai 2013

Stemorsblomster



Utfordringa i Mandagstema # 85 er
Min mai-blomst / My may flower



Stemorsblomster er ein av mine favorittar frå tidleg vår.
Den er trufast og blomstrar heile sommaren.
Fin i krukker ved døra og på altanen, i hagen og ikkje minst
fin til å pynte gravene til våre kjære.

Sjå fleire vårblomster-favorittar
HER

Anne-Mari


- Posted using BlogPress from my iPad

lørdag 25. mai 2013

Panoramavegen

I pinsa brukar det ofte å vere fint ver, då fær me på biltur.
Denne gongen var det fantastiske
Panoramavegen 
og Tvinnefossen som var målet.

Dei brattlente bygdene langs Nordfjorden
kan ta pusten frå nokon kvar,
(iallfall viss ein er høgderedd)
Det er nok mykje slit å stelle dei
bratte markane.

Stien til fossen er idyllisk.

Det blomstra langs stien,
er det skogstjerne skal tru, og
lilla kvitveis ? 

Mor og barn let seg ikkje forstyrre.

Det blir reklamert med at ein kan gå 
under fossen.
Du ser så vidt dei modigaste,
ikkje meg..... 

Leah Sofie, femogeithalvt år hadde planlagt
picnik sidan dagen før.
Her på Ulvedal sat me på marka,
og åt nista ho serverte, før me
vende nasa heimatt.
Alle var samde om at det hadde vore
ein gild tur ;)

God helg !

Helsing Anne-Mari

 

torsdag 23. mai 2013

Himmelsk # 138








Sjå fleire himmelske bilde hos
Petunia

Eg ynskjer deg ein fin dag !

Anne-Mari

- Posted using BlogPress from my iPad

mandag 20. mai 2013

Andre pinsedag

er siste doble helligdag 
før jul.... 
kom det uventa frå den eldre demente kvinna
under stellet ein andrepinsedag morgon.
Ho hadde lite språk att, men spurde kvar morgon 
under stellet:
" ka dag det er i dag ? "
Eg har aldri gløymt den magiske 
augneblinken då orda kom...
 -------
Då me kom heim frå hytta i kveld etter ei 
strålande pinsehelg
var det kjekt å sjå at varmen har sett fart på
blomstringa i hagen.

 



Avslutninga var nydeleg.



Eg ynskjer deg ei fin ny veke !

Anne-Mari


lørdag 18. mai 2013

Bunaden


Bunaden som Celina Marie brukte 17 mai

er den mor mi Marie, altså oldemora, broderte og sydde sjølv
under krigen, då ho var i 18-19 års alderen.
Ho hadde hjelp til å spinne og veve ullstoffet,
og brukte plantefargar til farging av alt
garnet.
Mor mi kalla Sunnmørsbunaden for Märthabunaden,
 fordi Kronprinsesse Märha fekk ein slik i bryllaupsgåve i 1929.

Den gamle bunaden til mor mi er i bra stand.
Den er ikkje så lang som bunadane i dag difor er den er blitt 
brukt av born, borneborn og no oldeborn.


Detaljar

 Gullsmed Stamnæs i Ålesund laga den gamle sølja.
Eg har alltid høyrt at det er den som er den originale sølja som
høyrer til Sunnmørsbunaden.
I dag er det større søljer med lauv som blir brukt.

Bunaden min er frå 1981.
Tilfanget fekk eg av mor mi, og 
svigermor broderte den.
Eit plagg eg er glad i og kan bruke ved mange
ulike anledningar.

17 mai i år var ein varm og fin dag,
så det var ikkje nødvendig å ha bunad for å halde
varmen, men bunad 17 mai er tradisjon.

Det ser ut til at det blir ei varm og solrik pinsehelg.

Eg ynskjer alle mine lesarar ei 
God pinse !

Helsing Anne-Mari



torsdag 16. mai 2013

17 mai


Med blomster i 
raudt, kvitt og blått -


- ynskjer eg at du får ein strålande dag !

 Helsing Anne-Mari




 

mandag 13. mai 2013

Langhelg med borneborn


Eg ser tilbake på strålande dagar
i lag med borneborn på hytta.
Eit av gjeremåla var oppdagingsferd i
naturen.

Såg mykje froskeegg,
rart eigentleg for helga før låg snøen framleis... 


Klatring er spennande.

 Dei raude støvlane er slike me har på hytta til den
som passar dei. 
Denne dagen fekk Celina Marie trykk på tåa,
då fekk ho låne ein av Hans-Petter sine som var eit nr. større.
Samarbeid er kjekt og viktig :)

Leah Sofie har gjort seg klar til å gå på kino
på Nordfjordeid.
Me hadde bestilt billettar til filmen
" Pelle Politibil på sporet "

Borna likte godt filmen og
farmor og farfar humra over dei 
artige replikkane i filmen.
 Du kan sjå litt frå filmen:


Kva meir me gjorde ?
Sparka/triksa med fotball på verandaen,igjen og igjen.
Åt mat som alle likte.
Spelte kort, leika butikk,
spelte på iPad, PC og Playstasjon
(...)
Og ikkje minst, me såg filmen
" Jakten på Nyresteinen ",
ein fantastisk film med godt innhold
 om både kropp og sjel !
 Me såg bilde på PCen frå tidlegare kjekke 
stunder i lag. Fornøyeleg ♥
Høgtlesing og song på senga høyre med.

Slike stunder er livet 

Anne-Mari, farmor.



fredag 10. mai 2013

Historia om Pi

Boka las eg for fleire år sidan.
Den gjorde sterkt inntrykk og har dukka oppatt
i minnet ofte.
For ei tid tilbake fekk eg nyss om at det
er laga film om historia.

Boka handlar om Pi som veks opp i ei dyrehagefamilie
i India. Midt på 1970 talet blir den politiske situasjonen slik at
familien valde å bryte opp og emigrere til Canada.
Dei har også med dyra.
Skipet forliste under overfarta og den seksten år gamle Pi
kom til seg sjøl i ein livbåt ilag med ein skada
sebra, ei hyene, ein orangutang og ein 
sjøsjuk bengalsk tiger.
Etter kort tid er det berre Pi og tigeren att på ei
dramatisk ferd som skal vare i 227 dagar.
Det blir ein maktkamp på liv og død, 
om dei to, kampen mot hai, slakting av havskilpadder, 
skaffe ferskvatn, kort sagt om å overleve.

 Rett og slett ei oppleving å lese !


Pi (Suraj Sharma) i stormande omstende i Historien om Pi 
(Foto: 20th Century Fox).

Ein forfattar besøker Pi i Canada for å få høyre historia hans.
Pi fortel om oppveksten sin i dyrehagen i India, og om 
reisa med dyra over havet.

Filmen bygg på ein heilt utruleg situasjon, og det er 
fantastisk spennande å sjå korleis Pi løyser problema som
naturleg nok oppstår.
Han må bruke all sin kløkt for å overleve,
sidan nokre av medpassasjerane om bord ser på han som mat....  
Filmen inneheld nokre av dei vakraste bilde du nokon gong har sett..
Ein fargerik dyrehage, eit dramatisk skipsforlis,
ein fantastisk stjernehimmel og andre syn som ikkje kan avslørast...  

Ei bok og ein film eg trygt
anbefaler.

Anne-Mari  
 







onsdag 8. mai 2013

Onsdagstema # 160

er
UPPSTICKARE
eller oppstikk.


Bjørk og løvetann
finn alltid ei revne der dei kan 
stikke opp.


Du kan sjå fleire oppstikk

HER 


Eg ynskjer deg ein fin
8. mai

Helsing Anne-Mari


tirsdag 7. mai 2013

Rosekaktus

No er det tid for å gle
seg over dei gamle
rosekaktusane.

Schlumbergera x buckley

Eg fekk første avleggjaren av ein pasient
for over tretti år sidan.

Dei to kaktusane står i kjellarstova, 
får vatn berre av og til..
ofte er dei så tørre at blada er heilt skrukkete,
då dyppar eg heile planta med krukke i ei bøtte med vatn.
Når det nærmar seg sommar er dei fulle av knoppar !
Då set eg dei ein stad så eg kan
 nyte synet av dei kvar dag 

 
 Ynskjer nye følgarar hjarteleg velkomne !
Takkar òg for alle fine orda frå dykk bloggvenner !
Eg set umåteleg pris på det.

I dag ser det ut til å bli ein fin dag her hos oss,
sola skin frå skyfri himmel.
Vonar det blir ein fin dag der du er òg !

Anne-Mari 


mandag 6. mai 2013

Yste-kjørel ..


Først vil eg takke alle bloggvenner som har
kome med forslag til kva
emalje-kjørelet mitt
kan ha blitt brukt til.
Du kan lese alle kommentarane  
til innlegget:
HER 

Eg har undersøkt alle tenkjelege og utenkjelege stadar,
spurt folk, søkt i bibliotek, internett, gamle kokebøker osb...
Men omtale og bilde av akkurat denne
reiskapen har eg ikkje funne.


Sil-posen i bomull ber ikkje
preg av at den er brukt
til å sile saft av bær.
Då ville den ha hatt
kraftigare farge.

Fleire av dykk foreslo at den kunne ha 
vore brukt til å lage ost.
Det trur eg òg.
Eg har funne ut at ein kan syrne mjølk, og 
etter den er tjukk blir den lagt i eit klede som
ligg over ei skål for eksempel. 
Då vil mysen renne gjennom og ostemassen blir
att i kledet/silen.
På denne måten blir Quark (i Tyskland), Cottage Cheese 
eller "opphengt melk"  laga.
Ei av bloggvennane sa at ho hadde sett eit liknande kjørel
 i Sverige, der det sat på toppen av eit spann,
som ei ekstra etasje.
NÅr eg ser etter er der
ein kant på undersida som kan passe til eit spann.


På nettet fann eg dette bildet.
Kanskje kan det vere eit liknande spann som det til høgre,
 som var under ?
Spannet er fint , og eigaren kan 
ha brukt det til andre ting, blomster for eksempel... 

I ettertid kan toppetasjen ha kome på avvegar 
og hamna i ein bruktbutikk ??
Eller kva tru du ? 

Dette er så langt eg veit i dag.
Eg tek gjerne imot fleire forslag.

Dette innlegget legg eg som bidrag til
 reiskap i
Mandagstema # 83

Takk for at du tok deg tid til å lese !
Vonar du får ei fin mai-veke.

Anne-Mari