onsdag 24. juli 2013

Raud emalje


I gamle dagar brukte dei sterke saker
under reingjeringa.
Når dei skura tregolva til jul med
Sæbe, Soda og Sand
 vart dei kvite og fine og lukta reint.

 Eg tenkte først at settet passa å ha på 
kjøkenbenken,
men veit ikkje heilt....

 Sette det på den gamle fjøskrakken
utanfor døra.
Måtte smile ved tanken på at krakken truleg ville blitt rein 
om den blei vaska med slike remedium ..:)

Sette det inn i kjøkenet igjen,
men er ikkje heilt nøgd med plasseringa her heller.
  
Eg må prøve å finne ei plassering for
emaljesettet der det kjem til sin rett
og kan bli eit fint blikkfang i kvardagen.
Eg får sove på det.

Tek gjerne i mot forslag :)

Gode sommardagar !

Anne-Mari

 
 

 

tirsdag 23. juli 2013

Hagen i svingen

 
I nydeleg sommarver
tok me turen til


MarJE skriv så mykje fint om hagen 
i bloggen sin.
Det siste prosjektet ho skreiv om 
var dette:

Den fantastisk flotte dammen dei har
laga til i  hagen.
Du kan sjå meir om den
i bloggen hennar.

 Dette fuglebadet er eitt av fleire ho har støypt sjølv !

I den store hagen er det eit eldorado av planter og tre.
Nokre av blomstrane 
ser du her.

 




Takk til MarJE og mannen for at me
fekk kome.
Og for nydeleg kake og kaffi 
på den solrike altanen ☼

 Anne-Mari



lørdag 20. juli 2013

Fredløs


Lysimachia vulgaris
 strekkjer seg mot 
himmelen.

Vakker blomst, 
men kvifor namnet Fredløs ?
Er det fordi den spreier seg både over- 
og under jordflata ?

Med den " fredlause "
ynskjer eg dykk alle ein fin laurdagskveld.

Eg linkar innlegget til 


torsdag 18. juli 2013

Bryllaupsdag



Det er nokre år sidan me tok 
bilde av oss og sende
ut til familie og 
venner.

Romantisk skulle takkekorta 
vere.
 
Svigermor sydde brudekjolen,
i eit bomullsstoff
med mønster
 Eg har ein stoffbit liggande,
men kjolen har eg gøymt
så godt at eg finn den ikkje...
Der var små stoffkledde knappar
langt oppover armane, 
og i ryggen.
Eg var svært opptatt av at det skulle
vere enkelt, buketten skulle vere liten og
sløret uten mønster.
Eg hadde flate ballerinasko.
Dette var i 1970 og det var vanleg med 
mykje pynt .

Tida har gått så fort, det er ikkje til å tru.

Mange bryllaupsdagar medan ho levde, kom mor mi
med ein bukett
 blå Iris frå hagen sin.

I dag har eg plukka inn sjølv.
Den blå Irisen 
minner meg om henne ♥

Mannen min er meir romantisk enn meg og er flink til å 
SJÅ teikn i naturen.
Dette hjartet i ein stein skal få stå 
som symbol på 
kjærleiken ♥

Anne-Mari



tirsdag 16. juli 2013

Hektoliter


Den gamle hektoliteren
(100 liter)
er fin til å sette sommarblomster i.
Nåletreet står heile året og kan pyntast til jul :)

 Eg vart litt overraska over at far min
hadde måla tynnebanda blå,
men då eg fann denne
kjøkenstolen i ein container
syntest eg dei passa perfekt i lag. 

Fargen på Pelargoniaen er nydeleg.
Den blomstra villig og er eit godt blikkfang 
utfor inngangsdøra.

Eg unner deg fine sommardagar !

Anne-Mari 





søndag 14. juli 2013

Lupiner og bakverk


Lupiner er vakre, 
men står oppført på Norsk svarteliste
over blomsterplanter som er uønskt i norsk natur.
Dei  fortrenge andre planter og vekster.

Dei er fine til å
pynte med utfor døra.
Passar fint i den gamle
mjølkespanna.

Og dei pyntar opp i ein elles
grå dag.

Då eg søkte på nettet om lupiner fann eg dette:

" I Sør-Europa brukes frøene fra noen lupinarter til produksjon av mel 
som blandes i annet mel. 
Slike melblandinger kan forekomme i importerte bakevarer, 
som igjen kan gi alvorlige allergiske reaksjoner hos peanøttallergikere. 
Det er deklarasjonsplikt for lupinmel som brukes i bakervarer som lages i Norge."

Eg er allergisk for alle slags nøtter og syntest dette er skremmande.

Nei, det er best å lage bakverket sjølv.
Med både grovt og fint mjøl frå
Møllerens. 

Nyt sommardagane enten dei er slik eller slik !

Anne-Mari

fredag 12. juli 2013

Helsing



Eg ynskjer deg ei fin helg der du er !

Nokre har sol og varme,
andre har det grått og vått,
men det

er

SOMMAR !

Helsing Anne-Mari


torsdag 11. juli 2013

Inst i Hjørundfjorden


Sist søndag då me besøkte 
Postkjellaren på Bjørke inst i Hjørundfjorden
 sjå innlegg her ,
køyrde me til Viddal og så langt 
vegen gjekk.

Her er vakre fjell

som strekker seg mot himmelen.

Dette fjellet ligg rett over fjorden for Viddal.
Legg merke til at det er vegetasjon nesten til
toppen av fjellet.

Jakta 1589 m o. h.
 er vel det mest kjende fjellet her inne.

På altanen til Postkjellaren sit
faren til Alva og mannen min og pratar om
felles interesser :)
Bak dei inste del av Bjørke.
Ein idyllisk plass.
 
Tjeld med unge som må passast på.
Han gjekk framfor bilen vår og
heldt på å bli overkøyrd.
 
Kraftig vind krusa vatnet me
køyrde langsmed på veg heim.

Ein skulle tatt mange slike bilturar og
sett på all den vakre naturen me har rundt oss.
Niste er godt å ha med så
ein kan raste der ein vil.
Det er slikt ein kan gjere når
sommardagane kjem...
Me ventar med lengsel på fleire
varme og fine dagar.

Linkar innlegget til



mandag 8. juli 2013

Postkjellaren


Sist søndag tok me turen til Bjørke
og besøkte Alva i 
Postkjellaren.
Klikk deg inn på den fine
bloggen ho har:

 HER

Det var nydeleg ver den dagen,
 bilde frå Hjørundfjorden 
skal eg vise i eit innlegg
seinare.

Skiltet viser vegen til 
Alva sin barndomsheim.

Bildet tok eg av motivet på handleposane,
 i kjellaren er det mykje interessant
å sjå.

Målet med turen var å få sjå meir av
  det fine handarbeidet Alva
 viser i bloggen sin.

Ho lagar mange flotte ting ved gjenbruk
av stoff.
Og det er spennande å sjå alt ho får ut av
for eksempel gardiner og dynetrekk i retrostoff.

 Artige puter i ein gamal koffert.

Nostalgi.
Barnevogna ho sjølv låg i som barn.

 Som overskrifta seier, var det
her postkontoret var i mange år fram til midt på 1990 talet.
Her kan me få innblikk i historia.

 Her var også telefon/telegrafstasjonen til 
den vart automatisert.
For meg som har levd ei stund var det artig
å sjå fleire generasjonar telefonapparat.
Spennande historie som det er viktig
å ta vare på og vise til dei 
som veks opp i dag 
og har telefonen i lomma...

Eg handla litt til barnebarna.
Fin kjole til 6 åringen som skal begynne
på skule til hausten.

Ein søt overall med pusekattar på til veslejenta.
Den passar når ho blir 1 år.

 Ein fin pose med motiv
av eit gamalt naust på Bjørke.
Mannen til Alva har tatt bildet.

Eg kunne ha handla mykje meir, her var så
utruleg mykje fint.
Det vart ikkje tatt bilde av kaka til kaffien,
men den smakte fortreffeleg !

Eg anbefaler deg som har høve til det,
å ta ein søndagstur til Bjørke
i sommar.
Ein vakker plass mellom fjord og fjell
og med ein spennande
Postkjellar å besøke !

Takk for meg Alva !

Helsing Anne-Mari



lørdag 6. juli 2013

" änglamarken "

Evert Taube si vise passar godt på denne tida
når sommarblomstrane  er på
det finaste.

Kalla den änglamarken eller himlajorden om du vill
Jorden vi ärvde och lunden den grøna

vildrosor

och
blåklockor

och
 lindblommor (bilde frå internett)

och
kamomill

Låt dom få leva dom är ju så sköna. 

 Låt barnen dansa som änglar kring lönn och alm,
Leka tittut mellan blommande grenar.
Låt fåglar flyga och sjunga för oss sin psalm,
Låt fiskar simma bland bryggor och stenar.
 
Sluta att utrota skogarnas alla djur!
Låt örnen flyga, låt rådjuren löpa!
Låt sista älven som brusar I vår natur
Brusa alltjämt mellan fjällar och gran och fur! 

Kalla den änglamarken eller himlajorden om du vill,
Jorden vi ärvde och lunden den gröna.
Vildrosor och blåklockor och lindblommor och kamomill
Låt dem få leva, de är ju så sköna.


Ynskjer deg ei strålande sommarhelg !

Anne-Mari


torsdag 4. juli 2013

Rhododendron - I like

I dag er det berre ein av Rhododendronane som
står fint i blomst.
Den lyse lilla. 
Legg merke til humla, eg blir så glad når
eg ser dei summande i rosene.

I mange hagar er desse kjempestore.
Eg trur eg har høyrt at den er av det svært
hardføre slaget.

 Denne raude blomstra rundt midten av juni.
 Den er planta av foreldra mine for mange år sidan.

Den fine rosalilla blomstra rikt midt i juni.
Den er også gamal og trufast, og gler oss kvar sommar. 

Linkar innlegget til 
Torsdagstema I like #100 



onsdag 3. juli 2013

Solnedgangen


i går kveld.
 
Ein liten halvtime før midnatt var
det eit vedunderleg syn å sjå i himmelranda.


Fleire bilde finn du her: