mandag 19. august 2013

Glimt frå sommarturen 3

Neste stogg var i
Kragerø.
Ein fin by !

Sol og finever.
Skikkeleg sommaridyll med 
mykje folk som kosa seg på utestadane.


(klikk på bildet så det blir større)
På kaia sto ei pølsebu og 
freista med
" ekte og ærlige pølser "
Det måtte me sjølvsagt smake på !
Og godt var det.

Planen var å sjå Risør òg,
men der var trebåtfestival og kø av
bilar så langt auget såg.
Me snudde og køyrde strake vegen til
Kristiansand der me skulle 
overnatte.

På veggen i hotellromet var desse orda
dei første me såg.
" Life is good "
Orda gjorde godt
 etter ein lang dag i bilen.

Ein liten spasertur viste at i denne byen òg var
det blomster i alle variantar.

Neste dag gjekk turen til Lindesnes.
Me kunne ikkje vere på Sør-landet utan å
vitje sørlegaste punktet på fastlandet i Noreg.
Her snakkar me om avstandar.

 Lindesnes fyr var den første offentlege
i Noreg så tidleg som år 1655.
Det noverande fyret er frå 1915.

 Mannen min som er ein samlar,
kjøpte eit kort, la det i ein konvolutt, fekk den
frankert og stempla her, og sendt heimatt.
Vel heime fann me den overraskande 
i postkassa...

Stein  ved trappene
opp til fyret.
 Artig vervarsling :)

Takk til alle som har fylgt meg på tur !

Anne-Mari


 

7 kommentarer:

  1. Artig å følge dere langs kysten. Jeg har vært i Kragerø ganske ofte. Bror min med familie bor i området.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Dåkke har hatt ein skikkelig fin tur. Mykje fint å sjå og oppleve.
    Kjekt å få kort når ein kjem heim også :D
    Utrulig frodige dissa blomsterkassene som hang på veggen. Ja slik blir dei når ein har finver.
    Dåkke har fått ei god opplading av den turen. Flott å få sjå den gjennom bilda dine her.
    Ha ei fin og god veke vidare.
    Klem frå meg.

    SvarSlett
  3. Artig å sjå att desse byane, var der tidleg på 80-talet då me var nygifte:) Mange fine bilde og fine opplevingar:)
    Takk for turen;)
    Ynskjer deg ei fin veke:)
    Det er visst go'vêr i sikte!
    Klem frå meg

    SvarSlett
  4. Så bildet fra Blindtarmen og kunne egentlig tenke meg å dra ned igjen. Flott ferie du har hatt, seer det ut til.
    Takk for bildene.
    HA en flott dag.
    Mormor

    SvarSlett
  5. Så fin sommerstemning fra Kragerø, der luktet det nok sjø.
    Dere har hatt en fin ferie ser jeg, flotte bilder fra ferien og så hyggelig å få være med dere litt på turen.
    Stilig vær-stein he he, Klem fra Marit.

    SvarSlett
  6. Fine bilder fra fin tur .. Synd jeg ikke var hjemme :-)
    Klem om kvelden

    SvarSlett
  7. Takk for turen, kjekt å se slike "reisebrev" synes jeg:)
    Den steinen var bare herlig, har sett noe lignende - et skilt til å henge på døra med sunnmørske kraftuttrykk - fryder meg over slikt jeg;)

    Håper du har det godt, her har vi kosa oss inne i ruskeværet i dag og venter på sommeren som er meldt til helga:) Og du; det var ikke mitt barndomshjem vi skulle kjøpe men huset der besteforeldrene mine bodde (som er nærmeste nabo til mamma og pappa). Leit var det uansett for vi hadde begynt å glede oss litt, heldigvis bilr det i familien og det var egentlig det viktigste. Så får vi legge nye planer i stedet:)
    Varm klem til deg
    Hanne:)

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.