onsdag 31. desember 2014

Takk for laget i 2014


Takk
til alle mine bloggvenner og alle som vitjar
bloggen min.
Eg set stor pris på dykk alle og 
 vonar me får halde kontakta også i det
nye året.

Med eit bilde frå ein skitur i jula
ynskjer eg

Godt nytt år !

 Anne-Mari


mandag 29. desember 2014

Julestrikk og vemod


 Pixihue til Ella Victoria strikka ferdig i romjula.


Denne er ikkje vaska før bruk som den eg strikka sist


Varm og deilig hue som passa 
godt til dressen.

Oppskrift og inspirasjon finn du her hos MarJE


I natt har det snøa 30 - 40 cm,
oppå alt frå før.
Det nærma seg 2 meter...

Og viktigast av alt,
Far min hadde hatt 95 årsdag  i dag 29. desember 
om han levde.
Han ville så gjerne leve lenger,
hadde hobbyar han likte og hadde mange planar.
Han døydde 8. mars 2006


Fred over minnet om foreldra våre.

Anne-Mari



søndag 28. desember 2014

Nudlar à la Renathe


Når me er mange på hytta i
juleferien
er måltida store høgdepunkt.

I går var det verdotter sin tur å lage middag.

Ein nydeleg rett med
nudlar og lemongrassaus,
svinekjøt, sukkererter, løk, chili og paprika.


Velsmakande !!



fredag 26. desember 2014

Andre juledag






Her på Harpefossen har me hatt mykje snø i fleire dagar.
I dag dalar det ned meir.
Barnebarna er glade.
Dei får bruke ski og akebrett.

Ynskjer deg gode romjulsdagar !


Anne-Mari

Posted using BlogPress from my iPad


tirsdag 23. desember 2014

God jul !

Veslejulaften er snart til ende,
Det meste er klart til julefeiring.
Rundt hytta ligg 1 meter snø og farfar og
barnebarna har gått på ski i løypa.
Vona det blir ei god jul
både her og ute i verda.


Eg ynskjer 
God Jul 
til kvar og ein.

Juleklem frå Anne-Mari


fredag 19. desember 2014

Royal Red

Hippeastrum
eller Amaryllis som eg seier.
Eg kjøpte to slike i starten av desember.

Hos svigermor er den i fullt flor.
Ho har det varmt og godt
 og steller den fint.

Min står i knopp enno,
Eg piner den med lite vatn og lite varme.
Den skal få betre tilhøve no 
siste dagane.

Vona du har gode førjulsdagar.

Anne-Mari


søndag 14. desember 2014

3. adventshelga


Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede.
Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede.


Og på hytta er dei små
Mailegkaninene hengt opp til julepynt.



Eg ynskjer deg ein fin tredje søndag i advent.

Anne-Mari



torsdag 11. desember 2014

Nobelpris

Det var med stor stoltheit
eg fylgde med på 
prisutdelinga i Stockholm.
To av dei som fekk pris
 kjem frå Hareid og Herøy,
nabokommuner til Ulstein
(mi heimkommune)


May-Britt og Edvard Moser 
fekk
Nobelpris i Medisin.

Attpåtil var det eit flott innslag
i Fredsprisutdelinga i Oslo Rådhus
av ein lokal gut her i frå kommuna.

Bror Magnus Tødenes 
som sang 
O helga natt.

Det er vel lov å vere litt patriotisk.....

Bilda har eg lånt frå lokalavisene.
I like



onsdag 10. desember 2014

tirsdag 9. desember 2014

Tirsdagstema #färsk




Nylaga (fersk) potetball
med tilbehør er ein av favorittane mine til middag.

TirsdagsTema


Posted using BlogPress from my iPad


lørdag 6. desember 2014

Fototriss - Kvit



Fototriss - tre bilder på ett tema - Vitt

Utfor hytta vår på Harpefossen
snøa det i dag.
Vona det blir kvit jul.

I hytta har eg pynta mitt
kvite hjørne.

Og hengt opp ny kvit stjerne i dag.


 Fototriss har ei tävling med 
Om eg skulle vere så heldig å vinne 
ynskjer eg




Kveldsstemning

Eit tynt lag snø ligg reint og fint
på terassen.

Dal og fjell ligg i eit trolsk ljos 
frå ein måne som skin bak skyene.


Det gamle matbrettet som elsdsteguten laga 
på sløyden på 70-talet 
trekkjer til seg småfuglane i dagsljos.

Snøen kan berre ligge framover til jul.

Eg ynskjer deg ei fin helg !

Tusen takk for alle koselege helsingane på 
bursdagen min :)

Anne-Mari



onsdag 3. desember 2014

Onsdagstema: Ljusprydd



Trikken går i natten 
over ei av bruene mellom
Buda og Pest.
Alle bruer over Donau er bada i lys.


mandag 1. desember 2014

Når ein blir seksogseksti


" da gjør man som man vil,
og først da blir livet kult "
syng Wenche Myhre

Eg syte for å få det som eg vil...
og ny iPad er komen i hus ;)

iPad Air 2
ei florlett sak som skal gi meg
kule opplevingar...
So får eg heller la vere å ynskje meg
noko i julegåve.
Greit å ha bursdag så nær jul.

Ynskjer deg ei fin adventstid.

Anne-Mari


fredag 28. november 2014

Snart adventstid

og ute er sommarplantene forvirra
og fyl ikkje tradisjonen
for årstidene.
I går var eg på besøk hos svigermor Judith
i eldrebustaden.
Me var på handlerunde først og
 koseleg kaffidrøs etterpå.


Utfor vindauget lyser frodige
geraniumar på altanen


Judith tel mange nye knoppa

på geraniumane i altankassa.
Om ikkje frosten kjem så blir det 
fin pynt til jul :)
Blomsterkassene vart hengt opp
rundt 20 mai så dei har spreida glede svært lenge !

God helg !

Anne-Mari




tirsdag 25. november 2014

Barnehagevottar og Pixihue


Det går mot vinter og eg let meg freiste
av MarJE i bloggen
til å strikke noko varmt til 
barnebarnet Ella Victoria 2 år

Klar for tur i sol og kulde....

Gode varme barnehagevottar 
strikka i Drops Merino Extra Fine

Pixihue 
strikka i Drops Baby Merino
dobbel tråd str. 4 år

Hua sat perfekt rundt ansiktet då den
var ferdig.
Men så vaska eg den før bruk
(las ein eller annan plass at det MÅ ein gjere)

Eg angra på det....
Den sit ikkje like godt rundt ansiktet lenger,
men eg vona den er god og varm
for ei lita jente når dei  
er ute i barnehagen.

Takk for tipsa MarJE.

Anne-Mari



fredag 21. november 2014

Människoskapelser - i Budapest

Eg veit ikkje noko om denne bygninga i Budapest,
men det var flott å sjå mot inngangen.

Golvet og inngangspartiet

Taket







torsdag 20. november 2014

Bakst til jul


Startskotet gjekk.
Eg har baka litt på hytta i dag.
Kan like godt gjere det her,
det er her me skal feire jul, i år som åra før.
Og nytt fryseskap er kjøpt inn.

Aniskringle, 
eller "klengre" som er dialektordet her.
Oppskrifta eg brukte er bolledeig frå

Trines Matblogg
som alltid er vellukka.


Krydderkake
etter oppskrift frå bloggen til

Fru Tunheim

Denne kaka har eg laga siste åra,
den blir betre til lenger den står så det passar 
fint å lage den så tidleg.


Fasongane står nok ikkje i ei
sveineprøve,
men eg brukar å seie at det er smaken som tel,
ikkje utsjånaden.

Vel smakt !

I like

Anne-Mari




onsdag 19. november 2014

Kveldsbod




Det er så lett og glad ein kveld.
Han kjem med løynde bod,
at nokon tenkjer på deg.
Du blir så varm og god.

Så blå som himlen er i kveld !
Så stilt kring berg og bø,
at alt i sinnet ser seg sjølv
som i ein spegelsjø.

Kvar kjem vel denne gleda frå
som stig i deg så still,
at du må audmjuk takke for
at du får vere til.

Tru gode tankar når til deg
frå ein annan stad ?
For noko må det vera, som
gjer deg så hjarteglad


Jan-Magnus Bruheim



Takk for at du stakk innom :)

Anne-Mari




søndag 16. november 2014

På marken

er tema i 
Fototriss denne veka.
-----

Det er mange flotte bygningar og bruer
 å sjå i Budapest.
Men eg vart opptatt av å sjå på
dei fine kumlokka på
bakken.

Av dei eg tok bilde av ser dette
ut til å vere det eldste.


Skilnaden på desse er
årstalet.

fredag 14. november 2014

Menneskeskapt


I området bak 
Synagogen i Budapest
står eit vakkert 
Holocaust-minnesmerke
Eit minnesmerke i form av eit
piletre
 der kvart blad
er ei lita plate med
namna til jødane
som vart drepne under 2. verdskrig.


tirsdag 11. november 2014

Utsikt frå Donau


Båttur på Donau om kvelden
viser dei flotte bygningane i Budapest
bada i lys.

Budaslottet frå 1500-talet



Parlamentet i Budapest

Å sjå alle dei praktfulle bygningane og bruene
var eit vakkert skue.

Eg kan ikkje fri meg frå å tenkje på at i
mange av byane i Europa tek
dei godt vare på dei
gamle bygningane sine og brukar
mykje ressursar på å vise dei fram.
Berre straumutgiftene må vere store.
Medan me her i Noreg
hadde ein langvarig og oppheta diskusjon for nokre år sidan
då Slottet i Oslo skulle renoverast.
Det skulle ikkje brukast pengar på det.
Me har vel berre Nidarosdomen og Slottet 
som kan måle seg med bygga
dei har i andre byar.

Eg vil anbefale båttur med middag  på Donau
neste gong du er i Budapest.

Anne-Mari




fredag 7. november 2014

Dajmiskake


 Oppskrifta står skrive i den 
gamle oppskriftboka 
som eg har hatt sidan 1970
Boka er sliten i alle kantar og lause blad, 
men den har mange gode og velbrukte
 oppskrifter på sidene sine.

Denne veka er det tikronerstilbod på
kremfløyte på Spar (nærbutikken min)
Husmorgenet kopla seg inn og
eg tenkte raskt at eg skulle nytte høvet
til å lage eit par Dajmkaker.

Som tenkt så gjort.
Her er to kaker klar til frysing.
" Kjekt å ha og ty til "

Oppskrift på Iskake - Dajmkake

100 gr mandlar ( eg sløyfar det pga allergi)
Pisk 3 eggekvitar og 2,5 dl sukker
Klipp bakepapir til botnen av ei 26 cm form og smør godt.
Steike på svak varme - 125 gr 2 til 2,5 time

Pisk 3 eggeplomar og 1 dl sukker
Dersom egga er små kan du ha i eit heilt egg i tillegg.

Pisk stiv 6 dl kremfløyte

1 dl kald sterk kaffi
Hakk 2 stk doble Dajm (ta av litt til pynt)

Kaffien og Dajm blandar du i eggedosisen,
ha i kremfløyten til slutt.

Etter at kakebotnen er kald har du på "isen"
og set forma til frysing.


Vel bekomme !



God helg  frå Anne-Mari




torsdag 6. november 2014

Eg likar

utsikta frå Flø
mot Kvalsvika og Runde
i Herøy

ein sein ettermiddag med
sol og regn om einannan.






onsdag 5. november 2014

Onsdagstema


i dag 
Tema: I min stil.

Å ta vare på gamle tradisjonar
til jul
som å lage lammerull,
er  
i min stil.