mandag 29. september 2014

Godt for augo



Jamt er vel stundene 
tunge og grå.
Berre eit lyfta andlet kan
stjernene sjå.

Jan-Magnus Bruheim


Ha ein fin måndag, den siste i september !

Anne-Mari



søndag 28. september 2014

Plommesaft


i eit vakkert 
Nøstetangen vinglas
som mannen min fekk i 50 årsgåve.

Han fekk to glas, men eg er så redd for å skade dei
at dei blir nesten aldri brukte.


Nydeleg saft 
av plommer kokt i 
saftkokar.


God søndag !

Anne-Mari





torsdag 25. september 2014

Haustfargar

På trimturen i dag kjende eg gleda
ved å sjå dei vakre fargane
som var rundt meg.


Og eg er takksam over at eg berre kan 
gå utfor hyttedøra og nyte det.
Anne-Mari



onsdag 24. september 2014

Solnedgangen heime



 " I morgen heter vårt i dag - i går,
og all vår fremtid heter fortid siden,
men det froklarer at hvert nu vi når
er selve evigheten midt i tiden."

Herman Wildenvey


Orda kom over meg der eg
let meg overvelde av
den fine solnedgangen.


Ynskjer ein fin onsdag til alle.

Anne-Mari



mandag 22. september 2014

Admiral

" Admiral har fløyelssvarte vinger med røde bånd og hvite flekker,
 og er en av våre mest stilfulle sommerfugler.
Admiralen kan ikke overvintre i Norge, til det er vinterkulden for streng.
 Men den blir regelmessig, mellom mai og oktober
observert i alle norske landsdeler."
wikipedia


Mang ein gong har eg prøvt å nærme meg ein
Admiral,
men aldri fått tatt bilde.


Denne gongen sto han lenge på blomen,


han dreia seg rundt og viste fram baksida si,
som hadde litt andre fargenyanser.

Som ein sjøoffiser av høgste rang.

Hausten gjer sitt inntog.
Her skin sola, men lufta er skarpare.

Tusen takk til alle som besøke bloggen min.

Eg kjenner meg audmjuk og takksam når eg ser teljeverket
har bikka 200 000 visningar.


Ha ein fin måndag alle som ein.

Anne-Mari


søndag 21. september 2014

Fototriss - Vegar


 Frå Ulsteindalen kraftverk, bygd i 1917,
går vegen bratt opp til Lisjevatnet
- 18 % stigning, 
Trimturen dit i dag fekk fart på blodpumpa ...

På dette bildet er det eigentleg
eit triss.
Tre vegar, to som fraktar vatn, og ein grusveg.

Nede i byen såg me denne
 blindvegen gjennom eit
velstelt tun.

Vel heime lufta Bessie
 seg på heimlege trakter.





mandag 15. september 2014

Kredefest


Det er tradisjon å vitje svigerinne og svoger
ei hausthelg på hytta deira i 
Sørbrandalfjellet.

Karane fiskar krede i vatnet.

Fisken har stor fargerik rogn og
er klar for å gå opp i elvane for å gyte.
Det er snart slutt på kredefisket for i år.

Damene går på fjelltur
og har fin utsikt over Børevatnet der
karane ror.


Fine fargar i fjellet




Kredene blir steikt i godt smør
og surra i sæterrømme...
Himmelsk godt !

Noko søtt inn på tunga etterpå..


Vona det blir ei fin haustveke for deg og dine !

Anne-Mari



lørdag 13. september 2014

Disme

Siste dagane har det vore sol og varmt,
men ei underleg disme har skapt eit tynt slør
over landskapet.
På turen til hytta i går midt på dag var
det magisk.
Mannen min måtte stoppe bilen både titt og ofte
så eg fekk ta bilde.


Eg kunne redigert bilda og fått større kontrastar,
men eg vil vise bilda frå Bjørkedalsvatnet
akkurat slik eg opplevde det.
Det såg ut som sola skein skarpt
ned på disen eller disma og skapte
den trolske stemninga









Det såg nesten ut som dei grøne markane la seg utover 
det klare vatnet.


Slik var det på Bjørkedalen 12 september 2014
i 13 tida.

Ynskjer deg ei strålande helg !

Anne-Mari




tirsdag 9. september 2014

Temperatur


er TirsdagsTema i dag.

Ein gloheit julidag søkte
Ella Victoria 1,5 år etter skugge.

Her ville ho vere :)





søndag 7. september 2014

Hermetisering

av plommer.
Det gamle treet som me trudde
hadde pensjonert seg bar nokre plommer dette året òg.
Dei gule plommene er ekstra gode hermetisert.
Og i store plommeår har eg i tillegg brukt å lage saft av dei,
den er barnebarna svært glad i.


Mor mi hermetiserte på rett måte med å legge plommene
i glas, sukkerlake over og koke/trekke glasa i ei
stor panne med vatn til dei var ferdig
møre.

Eg brukar framgangsmåten til ei gamal tante,
som er enklare og greiare.
Kokar sukkerlake av 1 liter vatn og 1 kg sukker,
let plommene trekke ein augneblink i vatn før
eg tek dei opp med holsleiv og legg dei i det
 varme sterile glaset.
Auser sukkerlake over til glaset er fullt,
set på lok og snur glaset opp ned.
Sterilt og hermetisert !

Eg har funne ut at det er mest praktisk å
bruke små glas. Kan heller opne eitt til dersom det trengs.

Bon appètit.

Anne-Mari



fredag 5. september 2014

Blåbær 810 moh

I fjella der me kan gå frå hytta er blåbæra 
på sitt beste no i månadskiftet
august-september.

Vakkert med haustfarga blad
og modne saftige blåbær.

Lunsj med heimelaga knekkebrød
og blåbær er sunt og godt.

Fin mose ved Kjenndalsvatnet 
810 meter over havet.


Ynskjer deg gode septemberdagar.

Anne-Mari




onsdag 3. september 2014

Tjukke-lestar

til yngstesonen,

Strikka i garnet 
Raggi frå Järbo


Svigermor har strikka lestar til oss i over 40 år,
så me er grundig bortskjemde og det var på tide
eg prøvde sjølv.
Med gode råd frå Ingunn
 med den fine bloggen Bundingen
kom eg i mål.

Det var eit godt garn å strikke av,
så om forholda ligg til rette blir det kanskje fleire par.


Anne-Mari





mandag 1. september 2014

På rad

er utfordringa i 
Fototriss - tre bilde på eitt tema
denne gongen.

Søndagsturen i går gjekk frå hytta 
til ein liten fjelltopp som ligg i synsranda vår,
Naustdalskammen 492 m over havet.
Det var ein strålande dag med sol og rundt 20 grader.

Delar av stien er lagt med steinheller 
på rekke og rad,

På toppen er det flott utsikt mot Nordfjordeid
og over gardsbruk som ligg 
på rekke og rad,

Ved foten av fjellet har flittige folk hogge ved 
til store vedstablar og lagt dei
på rekke og rad.