søndag 29. mars 2015

Ektefolk


Det var ei stor oppleving og glede å få
vere gjest i bryllaupet til
 Eirik og Renate
laurdag 28. mars

Dei vart vigde i vakre
Røros kirke. 

Rette ektefolk.

Bryllaupsfesten var i 
Bergstaden hotell.
Her ser du ein liten del av kakebordet
som var svært innhaldsrikt 
som vanleg der ein 
flokk sunnmøringar er samla.

Heile helga har vore fantastisk med mange 
opplevingar,
kanskje skal eg skrive meir om dette seinare.
I kveld er eg trøytt etter 
sju timar i bil heimatt.

Tusen hjarteleg takk til brudeparet
for ei fantastisk helg !
Helsing
 tante og onkel.

Linkar innlegget til

God påske frå Anne-Mari




fredag 27. mars 2015

Røros




Lite som minner om vår i
Kirkegata på Røros
27 mars
Det blir sagt at her går vinteren rett
over til sommar.

Link til
Skywatch Friday


-Posted using BlogPress from my iPhone


onsdag 25. mars 2015

Bleknande

er Ondagstema #258


Frisering med klipp, farging av ettervekst,
og striper
er nødvendig når ein skal
i bryllaup.

Fornøgd med resultatet :)

Dersom eg får til å bruke BlogPress på iPaden 
blir det innlegg frå tur til- og 
opphald på Røros.
Men i dag fekk eg ikkje til å laste inn bilde
desverre....





Anne-Mari



tirsdag 24. mars 2015

TirsdagsTema : putsad


Og det passa fint for i dag er mannen min
godt i gong med å 
pusse bilen
både innvendig og utvendig.





lørdag 21. mars 2015

Uglesetra

Det fine veret denne veka freista til
tur i skog og mark.
Me bestemte oss for å gå til 
Uglesetra, 
ein flott plass i skogen som ligg sørvendt på Dimnøya.
Bjarne Røren er primus motor
for det som no er ein opplevigspark i naturen.
Han finn stadig ut nye ting å freiste
barn og vaksne med.
Han fekk forresten 
Ulstein kommune sin kulturpris 
for det arbeidet
han legg ned her.


Eit fint lite hus murt opp av stein,
mange sitjeplassar for gjestane.
Her er det berre å ta med
nista si og kose seg
under open himmel.
Ein ser troll og vetter
og andre underjordiske

Har ein augene med seg er det
mykje morsomt å sjå


Ein stor jobb er lagt ned i
å få tørre stiar.



Det går stiar langs med fine vatn


og til flotte utsikstpunkt.
Hurtigruta er i rute.
Her går ho ut leia frå Torvik,
skal gå rundt Flø og vidare til
Ålesund.


I gjesteboka ser ein store besøkstal,
særleg i helgane .
Uglesetra er eit fantastisk  friluftsområde som
barna lika svært godt.
difor ser eg på det som eit fint bidrag i
det førebyggande helsearbeidet.
For oss som har alle dagar fri er det
fint å gå dit midt i veka.

Link til
Helgegleder

Ta deg ein tur til Uglesetra om du har høve.

God helg frå Anne-Mari







torsdag 19. mars 2015

X-faktor blomster: Grøn og svart


Anne på
har i gong konkurransen
X-faktor blomsterutgaven.
Den handlar om blomster i ulike fargar,
og den som har det vesle x-stra.
Skjønnheit, sjarm eller berre er litt spesiell.
I dag er det blomster med 
fargen grøn eller svart.

Hosta - bladlilje
er ei villig og dekorativ plante.


Du kan sjå fleire bidrag




onsdag 18. mars 2015

Utvatna



Onsdagstema i dag er
 Urvattnad.


Med storhavet rett inn på Fløstranda,
kjem det mange
rare ting
drivande.


Sjå fleire utvatna ting


mandag 16. mars 2015

X-faktor: Blå

Anne på
har i gong konkurransen
X-faktor blomsterutgaven.
Den handlar om blomster i ulike fargar,
og den som har det vesle x-stra.
Skjønnheit, sjarm eller berre er litt spesiell.
I dag er det blomster med
fargen Blå.

Den blå hagehortensiaen har stått i hagen
sidan tidleg på 
1980 talet.
Den gleda oss med sine vakre lyseblå 
blomster kvar sommar.

Fleire blå blomster kan du sjå



søndag 15. mars 2015

X-faktor blomster: Raud og Oransje

Anne på
har i gong konkurransen
X-faktor blomsterutgaven.
Den handlar om blomster i ulike fargar,
og den som har det vesle x-stra.
Skjønnheit, sjarm eller berre er litt spesiell.
I dag er det blomster med 
farge raud og oransje.


Eg har valgt å vise fram 
Skaugumbegonia.
Trudde knollane mine var like,
men i fjor oppdaga eg at
eg har to sortar.

På denne er blada spisse og enkle,
og litt meir raudoransje i fargen.


Denne har eg flest av,
kanskje er dette den vanlegaste sorten ?

Kronblada er meir samla som
i ei rose.
Dei fleste knollane fekk eg av mor mi.
Ho var stolt av knollbegoniaene sine.


Til slutt må eg vise eit bilde av
Azaleaen.
Eg likar godt dei oransje blomstrane på den.
Sist haust flytta me den så eg er
 spent på korleis den vil reagere på det.

Sjå fleire raude og oransje blomster
Her








torsdag 12. mars 2015

X-faktor blomster: Kvit


Anne på
har på gong konkurransen
X-faktor blomsterutgaven.
Den handlar om blomster i ulike fargar,
og den som har det vesle x-stra.
Skjønnheit, sjarm eller berre er litt spesiell.
I dag er det kvit som er fargen.

Pinselilje 
Narcissus poeticus-hybrider

Ei av dei vakraste og kjæraste løkplantene
eg har i hagen.
Den ser nesten ut som porselen.
Fekk løkar av ei gamal dame eg 
var sjukepleiar for
i 70-åra.
Dei luktar godt utandørs, eg synest
 lukta kan bli i skarpaste laget når 
  dei er inne.
Men smak og behag kan ikkje 
diskuterast.

Fleire kvite blomster finn du
Her


onsdag 11. mars 2015

Grovt brød

har me alltid brukt,
men etter foredraget til
Berit Nordstrand
tenkte eg å prøve
oppskrift frå bøkene som ho har skrive.

sjå innlegget mitt om det her

 Valnøttbrød.
Eg er allergisk mot alle slags nøtter og
delte deiga i to
 med bakepapir mellom.
I mitt brød brukte eg hakka graskarkjerner.

Mitt brød til venstre og mannen min sitt til høgre.
Dei er laga av grovt mjøl
av spelt, bygg, rug, havregryn og kli.
og omlag 10 % sikta kveitemjøl.

Me er så heldige å ha
Volda Mylne ikkje så langt unna.
Dei produserer mjøl på ein unik måte som
er tufta på gamle tradisjonar.

klikk her og besøk Volda Mylne 

Brødet er svært grovt og litt tungt,
men godt på smak.
Etter å ha ete denne porsjonen til frukost
var eg stappmett.
Og det " sat i " til langt på dag.
Tida får vise om det blir like grove brød 
framover, men fint å prøve ut.

Anne-Mari




tirsdag 10. mars 2015

X-faktor blomster: Gul

Anne på
har sett i gong konkurransen
X-faktor blomsterutgaven.
Den handlar om blomster i ulike fargar,
og den som har det vesle x-stra.
Skjønnheit, sjarm eller berre er litt spesiell.
I dag er det gult som er fargen.

Buskmure - Potentilla
var ein av dei første plantene me planta i hagen vår
på 1970-talet.
Den har vore flytta på og kraftig beskore mange gongar,
men kjem trufast igjen 
år etter år !

På bildet er den litt medtatt etter
regn og vind på slutten av sesongen.

Buskmure er eit vanleg syn i dei fleste hagar
og rundt offentleg bygningar.

Eg har sansen for planter som
 steller seg sjølv ;)


Sjå fleire gule blomster

Her






søndag 8. mars 2015

X-faktor blomster: rosa


Anne på 
har sett i gong konkurransen
X-faktor igjen.

Den robuste og villige
Spir - Astilbe
blomstrar rikt frå juli til september.
Den er dekorativ og vakker.


Det finnast ei spir for einkvar plass.


Nærbilde av blomstrane på
spir er eit
vakkert syn.


Sjå fleire rosa bidrag


8. mars.


Eg takkar Gerd Vik Flø
(tremenningen min)
for at eg får låne orda som
ho har skrive om 
Den internasjonale kvinnedagen.

" Takk til kvinner som føre oss gjekk,
som frå talarstol og med penn og blekk,
gjorde det lettare å kome etter,
ved at dei kjempa for kvinna sine rettar !
Dei forsømde verken born, koking eller baking,
nei, dei var drivandes gode på " MULTI-TASKING " !
Vi fører kampen vidare, det er ikkje " bønn ",
vi gir oss ikkje før det vert LIKELØNN !
Men vi må rette blikket vidare UT,
og ikkje stivne i eiga pengesut !
Det fins kvinner i så MANGE land,
som er lenka i steintunge diskrimineringsband.
Det er DEI som treng vår solidaritet,
at vi rettferdig gir dei vår førsteprioritet !
La oss vere talerør for dei tause rop !
Det er bruk for oss, alle i hop ! "


Gratulere med dagen alle medsøstre !


fredag 6. mars 2015

Skyformasjonar



Bilde tatt gjennom stoveglaset
i ein lys augneblink mellom regnbygene i går.

Deler på
Skywatch Friday



Posted using BlogPress from my iPad


torsdag 5. mars 2015

Berit Nordstrand



" Berit er overlege, seksbarnsmor og livsnyter med 20+ års arbeidserfaring som lege. 
Spesialist i klinisk farmakologi. Utdannet kognitiv terapeut. 
Forfatter av bøkene Mat med mer, Mat til sinns, 12 Uker og
 barneboken Sukkerkok i hodet.
Ho er lidenskapelig opptatt av å formidle hvordan du kan
 kose deg til optimal livskvalitet gjennom 
små grep som gir stor effekt."


I går kveld var dette fyrverkeriet av ei kvinne
på kulturhuset Sjøborg i Ulsteinvik
Det var Sanitetsforeininga som arrangerte.


Både mannen min og eg let oss 
inspirere av det fantastiske foredraget,
der ho kom med mange råd og tips
som ein eigentleg greit kan
fylgje i kvardagen.

Me kjøpte bøker..

Etterpå var det
 særleg to ting som svirra i hovudet ,
som ho tok oppatt ofte:

Honning som søtningsstoff,
UT med sukker i matlaginga,
og
drikk 3 krus grøn te kvar dag.


Eg har ikkje likt så godt grøn te,
og heller ikkje honning, men 
Berit Nordstrand seier du kan lære å like det 
du ikkje likar.....
Grøn te og honning vart innkjøpt i dag,
første dagen i
EIN NY START.

Ellers var det greit å få bekrefta at 
kvardagsmaten her i heimen er 
ganske sunn.
Men det er mange ting som kan gjerast betre,
redusere bruken sukker er
ein av tinga.

Foredraget til Berit Nordstrand 
må du prøve å få med deg.

Link til Berit Nordstrand

I like

Anne-Mari