søndag 31. mai 2015

Solnedgangen 31. mai

Overskya ver gjorde at
me  ikkje fekk sjå midnattssola på 
Hurtigruteturen vår frå Ålesund til Kirkenes.

Men i kveld var eg så heldig å få
nyte  ein flott solnedgang
her heime.


Lenke til:



lørdag 30. mai 2015

Ishavskatedralen


Fototriss del 304: Kyrkligt



For to dagar sidan kom me heimatt frå 
ein fin tur med Hurtigruta langs med
kysten frå Ålesund i sør til
Kirkenes i nord.
Mange inntrykk og opplevingar
sit i minnet.
Me var fire i reisefylgjet,
Syster og svoger,
mannen min og eg.

I Tromsø var me på guida tur
til blant anna
Ishavskatedralen

Vigsla av biskop Monrad Norderval i 1965



Austveggen på kyrkja er dekt av glassmosaikken
"Kristi gjenkomst" av Victor Sparre.

Ishavskatedralen er flott.
Kjem du til Tromsø vil eg anbefale 
ein guida tur dit..








fredag 29. mai 2015

Skywatch from Svolvær




Fiskarkona.

Ved innlaupet til Svolvær hamn i Lofoten, står denne skulpturen

som skal illustrere "feskarkjerringa" som tyder
- nokon som ein er kjær i.
Skulpturen er laga av bilethoggaren 
Per Ung.


Sculpture that stands to greet the fishermen at the tip of the breakwater 
at the entrance to Svolvær harbor in Lofoten ( illustrates
 "feskarkjærringa" meaning -some one is loved in. 
The sculpture was created 
by sculptor Per Ung.




Skywatch-Friday

Männikoskaptl


tirsdag 26. mai 2015

Hurtigrutetur


Er innom bloggen ein snarvisitt
med bilde frå
Nordkapp-platået
i dag.




Hurtigrutetur frå
Ålesund til Kirkenes
med søster og svoger,
mannen min og meg.

Opplevingsrike dagar som eg skal
skrive litt meir om når
me kjem heimatt :)

Anne-Mari



Posted using BlogPress from my iPhone

lørdag 23. mai 2015

Slutten


Ordlös Lördag #151
" OL kommer att läggas ner och kommande helg får ni 
visa bilder på sista temat:
 The End / Slutet."





Ordlös Lördag






torsdag 21. mai 2015

I hagen


 Denne Rhododendronen er  svært gamal,
og har vore flytta fleire gonger.

Fint med raudt
attmed storesteinen

Snart avblomstra liljer,
 pinseliljene står i knopp.
Dei vintergrøne plantene på steinkanten,
hugsar eg ikkje namnet på. 

I skogen bak huset har me
planta Azalea og Rhododendron mellom
blåbærtue og lyng.

 Eg likar denne tida då plantene 
laver med vakre
blomster.



tirsdag 19. mai 2015

Mindre

17. mai 2014
Far Roger og son Benjamin snart 14 år
var nesten like høge.

17. mai 2015
Klar høgdeforskjell
eitt år etter.



TirsdagsTema: mindre



søndag 17. mai 2015

Gratulere med dagen !

17. mai

heiser me flagget til topps.
(bilde frå 1. mai)

Tulipanane helsar 
nasjonaldagen velkomen.

Utfor døra står hektoliteren
pynta i
raudt, kvitt og blått.

I ettermiddag kjem dei
 av familien som har høve til brennsnut og
den tradisjonelle 17. mai desserten.
Her

I år skal eg gå i tog med dei to minste barnebarna,
går med barnevogna i lag med
2. klassingane ved Hasund skule.
Storesystra spelar i korpset.
Begge foreldra er med i 17. mai-komitèen. 
Farfar er i sentrumskrinsen der han skal
halde tale ved minnesteinane ved Ulstein kyrkje.
Vidare syng han i Ulstein mannskor.
Så han har programmet fullt.

No kl. åtte skin sola frå skyfri himmel
og 5 grader.
Vona er at det blir slik heile dagen !

Gratulere med dagen !
Ynskjer deg og dine
ei fin feiring !

Helsing Anne-Mari





fredag 15. mai 2015

Rotevatnet

i Volda.

I går hadde me ein fin tur langs med vatnet.
 Sandstranda i enden av vatnet
er sikkert mykje brukt om 
sommaren.
Godt å gå på grusveg.
Her var hestar som kom og helste på oss.

Idyll mellom trea.






torsdag 14. mai 2015

Eg likar

Ranunkler

Tøffing
 som  har stått utandørs i 
tre veke
 med temperaturer ned mot
to grader.






onsdag 13. mai 2015

Sjarmen med tarmen

Om det fantastiske organet
som tarmen vår er,
av 
Giulia Enders

Forfattaren er lege og forskar.
Giulia Enders fann ut at hudsjukdomen ho hadde
eigentleg var ein tarmsjukdom som hadde sitt 
utslag på huda.
Ho bestemte seg for å studere medisin og finne ut meir om
tarmens funksjon og korleis den påverka resten av helsa vår.
Det viser seg at det er viktig å halde oppe god
bakterieflora i tarmen for å kunne ha god helse.
Boka fortel om kor fantastisk tarmen vår fungerar,
kva som er normalt og ikkje, og om korleis 
me kan ta vare på den.
Ubalanse i tarmen kan føre til blant anna smerter,
oppblåstheit, overvekt, derpresjon, allergi og Alzheimer.
Ho skriv på ein morosam måte,
om avføring som det ikkje er så vanleg å snakke om.
Blant anna skriv ho om kva som er beste 
sittestillinga når ein er på do.
Frå tidenes morgen har den naturlege
måten for menneska vore å sitte på huk,
moderne toalett vart ikkje vanleg før på
slutten av 1800 talet.
I store deler av verda står ein i hockeystilling over
toaletta sine.
Ein kan sitte på huk på toalettet også,
bøy overkroppen lett framover og 
plasser føtene på ein liten krakk... !
Det er interessant at omlag 1,2 milliardar menneske i verda
som sit på huk, knapt nok har divertikler og hemoroider.....

Boka er ei fryd å lese.
Spennande frå første til siste side.
Kanskje eg likar den så godt fordi eg 
har litt kunnskap om
anatomi og fysiologi 
frå utdanning og jobb,
men eg trur alle vil finne denne boka
interessant å lese.

Ha ein fin dag.

Anne-Mari



tirsdag 12. mai 2015

Fullt


av ulike sortar frø og
grovt mjøl i brøda er 
sunt og godt.

Frøbrød etter oppskrift
Berit Nordstrand


søndag 10. mai 2015

Helg


Helga på hytta har vore stille og roleg,
veret har veksla frå strålande solskinn til
snøbyger og regn.
Snøen ligg langt ned i fjella enno,
og gradestokken ligg på 2-3 grader om morgonen,
varmare utover dagen.

Litt planting ute tek eg sjansen på no.
Stemorsblomster toler bra kulden,
Og den greier seg bra mot både tørke
og væte.
Dei er perfekt på hytta er mi erfaring.

Heime er Narcissene i full blomstring,
ein bukett fekk vere med til hytta.
Første løkane er frå 1970-talet og har vore
delt og flytta mange gongar.

Før hadde eg mange ulike sortar påskelilje som 
dei ofte blir kalla.
Akkurat no er det desse to som er i blomstring. 
Til gjengjeld blomstrar dei rikt over
heile hagen.

Desse er det minst av.

 Desse rikeleg av.

Litt seinare vona eg dei kjem dei som me kalla pinseliljer,
dei er litt mindre og meir porselenaktige.


Lenke til:
Helgbilder



lørdag 9. mai 2015

onsdag 6. mai 2015

Vårtur


Med 16 grader og sol har det vore ein
nydeleg vårdag.
Leah Sofie, 7 år, er hos
besteforeldra etter skuletid av og til
og i dag vart me einige om å gå tur i
 terrenget her i nærleiken.
Farfar kallar slike turar for ekspedisjon.
Han går ofte slike turar med barnebarna
og no er det ho som er her mest.
Då lokkar han med å finne spor etter hjort, fuglereir
og andre hemmelegheiter.
Farmor fekk også fylgje i dag.
Terrenget er varierande og nokså ulendt så
det er fin trening å gå her.

Farmor låg rett ut mellom tuene...

Oij, sjå kva me oppdaga..
Egget til ein Svartbak/stormåse !
Skal tru om han  har hatt fleire
egg i reiret, eller
kanskje ikkje ferdig å verpe ?
Eg trur det er vanleg med tre-fire egg.
Me må vere forsiktige og ikkje kome for 
nær så han blir redd og ikkje
 kjem att og fortsette
ruginga.

Leah Sofie synest det var fantastisk å sjå eit ekte egg.
På skulen i dag hadde dei sett bilde av slike.

Støvlar fulle av rusk frå lyng og eine er som
 det skal vere når ein er på slike turar.

Men "herlighet " kor det ser ut her !
I denne fjøra samlar det seg alltid mykje avfall som kjem drivande i sjøen.
Leah Sofie er forundra over alt rotet nokon har slengt frå seg.
Tidlegare i dag har ho og klassa vore ute og plukke rusk
 langs vegen for å gjere det fint til 17. mai.
Ho vurderte om ho skulle 
begynne å rydde her også..
men det blir for mykje for ei lita jente å greie så
det får berre ligge.

Snart heime.
Det trengs kvild og nyting av den friske
sjølufta.

Andre ting me hadde sett på turen var desse 
fine blomane på lerketrea,

og blåbærlyngen som blomstra.
Det blir kanskje godt blåbærår i år ?


Takk for at du var med oss på tur :)

Anne-Mari






søndag 3. mai 2015

Finne ly av Aina Basso



Dette er Aina Basso si fjerde bok.
Det er ein historisk roman om korleis 
dei reisande vart behandla her i Noreg
i ei tid me ikkje kan vere stolte av.
Fordommar som også står sterkt i dag.

" Finnskogen, 1849. Hanna søkjer teneste hos ein enkemann
med to søner. Karfolket på garden har ikkje mykje til overs
for dei som er av reisande slekt, så Hanna må halde tett
om opphavet sitt. Den yngste sonen, Johannes, får eit godt
auge til henne, men odelsguten står i vegen for forsøket
hans på å nærme seg. Fordommar, frykt og sjalusi veks
fram, og Hanna må ta stilling til kva tryggleiken er verd
om han går på kostnad av hennar eigen fridom. "

Aina Basso er historikar og romanane hennar
er knytt til historiske hendingar.
Sjå innlegg om dei tre første bøkene

Eg lika godt denne boka, den er skriven på ein nydeleg måte
som gjer at eg måtte lese oppatt setningar
 berre for å nyte språket.
Den kan ikkje berre skumlesast.
Boka er skriven på nynorsk.

Romanen var nominert til 
Bokbloggerprisen 2014

Ei bok eg vil anbefale deg å lese.

Anne-Mari