tirsdag 30. juni 2015

Brøytestikker


Brøytestikkene som heile vinteren 
har stått langs vegane
på Harpefossen skisenter
deler no ein rolegare kvardag.






mandag 29. juni 2015

Rhododendron Fantastica


Det er fleire ulike Rhododendron i hagen.
Alle er flotte,
men denne synest eg er av dei
finaste. 
Den har stått i blomst i fleire veker,
der den står lunt og relativt tørt
i skogen bak huset.

 Tidleg i juni

- veka etter,
den har fått meir rosa i seg,

- etter andre veka er
den lys rosa.

Slik har den stått eit par veker.

Etter mitt syn ber den namnet sitt med rette,
Rhododendron Fantastica.


Eg set umåteleg pris på alle som vitjar bloggen min,
og tusen takk for alle fine kommentarane.
Takk.

God sommar !

Anne-Mari






søndag 28. juni 2015

Midtsommar


I går kveld og natt feira familie og venner
svigerinna mi, Marianne sin  
femtiårsdag.
Feiringa gjekk føre seg i sjøhuset, naustet og
i fjøra 
ved sjøen her me bur.

Rustikt miljø

God mat i solskin 
som varte heile natta...

Bildet tatt omlag kl 03.
Flott skip med kurs mot Ulsteinvik.
Den vakre kvelden og natta 
var til endes.


Deler hos:






torsdag 25. juni 2015

Tur til Nibben


Denne veka har Leah Sofie vore hos oss nokre dagar.
Faren kalla det Tuå Sfo ;)
Då må me finne på ein uteaktivitet,
ellers blir det fort mykje TV-sjåing.
I går gjekk me ein tur til Nibben,
ein lett og fin tursti frå
Ulsteinvik mot vest.

Farfar og Leah Sofie har faktisk begynt å
jogge i motbakke...
Legg merke til den flotte 
blå himmelen :)
Me har ikkje vore bortskjemt med slikt denne 
sommaren ....

Nibben ligg i høgda over krinsen
Skeide i Ulstein kommune.
Her er det utsikt til fugleøya Runde lengst vest,
og den flate Vattøya der det budde folk fram
til 1973.
Farmora mi kom der i frå.

Det kan spinnast mange historier over
det ein ser i skogen.

Me gjekk vidare oppover fjellet,
her er utsikta mot aust.
Desse øyane ser eg frå ein annan vinkel
heimanfrå, 
dei er på mange av bilda mine
av solnedgangen.

Skywatch-Friday

På nedturen gjennom skogen er
beina slitne på 
ei lita jente.

Det blir nok fleire turar før
skuleferien er omme.


Takk for at du fylgde oss på tur !

Anne-Mari






onsdag 24. juni 2015

Avslutning på jonsokkvelden

Dagen var grå og vinden kald.
Barnebarnet Hans-Petter 
feira 11 års dagen sin
 med familien.
Grilling og kos utandørs sette 
krav til god påkledning.
Ull frå inst til ytst
var nødvendig.
Men avslutninga på dagen vart
ei vakker oppleving.
Litt før kl 23.30 vart det ei opning 
i skydekket i horisonten.
Sola gløda i ti minutt før
den gjekk ned i havet
kl 23.40
 Eg vart så fasinert over speglinga i 
vitrineskapet.
Legg merke til kor lyst det var ute då
det snart var midnatt.






tirsdag 23. juni 2015

TirsdagsTema - dimma

eller
 skodde
som me seier på 
våre kantar.

Her ligg den og skuggar for sola
over Breimsvatnet.





søndag 21. juni 2015

Sommarhelg


Dei tre jentene til Andrè og Renathe skulle
vere med farfar og farmor til hytta
denne helga.
Det vart fint ver med
sol og omlag 15-16 grader.
Ikkje den store varmen,
men flott å sleppe
regnet.

Me gjekk tur over "kufella", (felås).
Spennande for 
Ella Victoria som blir 3 år i november.
Godt å halde handa til storesyster 
Celina Marie snart 13 år.

Når små føter er slitne er det
kjekt å verte hivd gjennom lufta.
Leah Sofie snart 8 år hugsa godt då ho 
fekk gjere dette,
No er ho så lang at det var vanskeleg...

På Nordfjordeid fekk jentene prøve
seg i den nye flotte 
klatreparken.
Dei likte seg så godt at me var der 
både laurdag og søndag.

Om sommaren er det liv og røre
i gågata laurdagane på Nordfjordeid.
Denne helga fekk me sjå militeærtroppa
som øvde til 
 som skal
visast neste helg.

Softis er prikken over i-en
ein slik dag.


Lenke til






tirsdag 16. juni 2015

Framover

TirsdagsTema i dag er
framåt



For desse er det slutt på å kome seg 
framover.

Du finn fleire
her




mandag 15. juni 2015

Junisøndagen


vart avslutta med ein tur i frisk luft
med Benjamin som var 
på besøk hos besteforeldra på hytta.
Fin grusveg til Furuhogane 
Naturen har vakna til liv og
 snøen har trekt opp
i fjelltoppane.

 Eg veit ikkje namnet på desse
søte blomstrane,
men det er vel ein lyngart ?

Bittesmå soppar i terrenget.

Det blir kanskje blåbær i år også :)

Me er midt i juni, men det er lite som
minner om sommar enno.
Regn i bøttevis, men solstreif innimellom.
Det verste er temperaturen,
I går kveld var det 3 grader,
om dagane er det stort sett
under 10-talet.
Men me gir ikkje opp !!
Klart det blir sommar !!


Fin juniveke.
Anne-Mari


fredag 12. juni 2015

Alnes fyr

på Godøy i Giske kommune i
Møre og Romsdal

26 m høgt
I dag er fyret automatisert men er framleis
eit godt hjelpemiddel for
 fiskarar og andre sjøfarande som
i tidlegare tider.
Her er kafè som har heimelaga kaffimat,
og kunstutstilling.
Det er høve til å gå opp i tårnet der 
utsikta utover havet er
fantastisk.
Eg anbefaler ein tur til Alnes fyr.




torsdag 11. juni 2015

Rabarbrasyltetøy med fiken

Eg har fått ein del spørsmål om oppskrifta
til dette syltetøyet. 
Derfor legg eg ut på nytt innlegget frå 2012.
PS. syltetøyet blir også godt om du
skifta ut fiken med aprikoser.
Begge desse syltetøya passa perfekt
til ost av ulike slag.

-----

Svigerforeldra mine har i alle år laga
 Rabarbrasyltetøy på sin eigen måte.
Når helsa deira svikta synest eg det er viktig at me
i neste generasjon fører tradisjonen vidare.
 Oppskrifta var ikkje nedskriven så her var 
hugsen deira god å ha.

Eg gløymde å ta bilder undevegs...
Resultatet ser slik ut

Oppskrifta.
2 kg rabarbra i bitar (eg tok av ytste laget)
2 kg sukker over bitane,
ca. 12-15 tørka fiken i små bitar opp i blandinga.
dette skal stå til sukkeret er oppløyst, gjerne over natta.
Koke lenge...til sylta blir brunaktig på farge.
1 pk Certo syltepulver, måtte bruke litt ekstra sukker (ca 1 dl)
 (les framgongsmåte på posen) 



Dette blir ei haldbar sylte som smakar 
fortreffeleg ! 


I like  

  

tirsdag 9. juni 2015

TirsdagsTema - lagad


Eg tolka oppgåva som 
tillaga/kokt, 
om eit måltid.

På Hurtigruteturen hadde me full pensjon 
med deilig frukost- og lunsjbuffè.
Middagen var trerettars og vårt 
bordsete var kl 20.30.
Maten var svært god og variert.
Eg vil presentere menyen 
eine dagen.

Fint å få opplysning om kvar råvarene kjem frå.
Hurtigruta set fokus på kortreist mat,
og støttar lokale bedrifter.

Fyldig og god gulrotsuppe.

Velsmakande ishavsrøye med tilbehør.

Søt avslutning på måltidet,
molte- og ingefæris.

Det var fint å gå til dekka bord og
bli servert nydelege måltid.
Me hadde ei fin veke ombord i Hurtigruta.
Fleire innlegg om turen
herher,
 herher





mandag 8. juni 2015

Jonsokkoll

Då me rydda i uteområdet rundt hytta i dag
fann eg teikn på sommar.


Jonsokkoll av Inger Hagerup

De kaller meg jonsokkoll.
Men jeg er et loddent troll,
tykkmaget, lillagrønn,
de underjordiskes sønn.

Så pussig å vokse opp
og strekke sin vesle kropp
på blomstrende jonsokvoll
og være jonsoktroll.


Gode sommardagar !

Anne-Mari


lørdag 6. juni 2015

Laurdagsmorgon

Det regna kraftig ute,
 med solgløtt inni mellom.
Eg sprang mellom bygene og
tok bilde av den nydelege
Rhododendron Fantastica.


Den kviler inn til 
den gamle furuleggen.

Eg var tidleg oppe i dag,
mannen min reiste til songarstemne.
Hivde meg rundt og laga
tre brett knekkebrød ferdig før
klokka var ti :)

Frå klokka 06 og utover høyrde eg på radio,
eit svært interessant program.
Her kan du høyre

Det skaper mange refleksjonar å 
høyre på slike fantastiske
menneske.

I ettermiddag skal eg kle meg i
regnklede og heie på barnebarna 
Celina Marie og Leah Sofie som skal på
Fotballcup.

God helg !

Anne-Mari




fredag 5. juni 2015

Fiskehjellar


i Svolvær.

Fiskehjell er tørkestativ for usalta fisk,
særleg torsk, sei, hyse, lange og brosme.
til produksjon av tørrfisk.






onsdag 3. juni 2015

Langs med vatnet

Eit steinkast frå
Volda sentrum ligg det idylliske
Rotevatnet

Ein trimtur langs med vatnet gir
 fine opplevingar.

Det blir ofte stopp,
mange fine motiv.

Kvitveis med lillaskjær, 
våt av regn.

Er du på desse trakter anbefaler eg
  turen langs med
Rotevatnet.

Juni er inne i sin tredje dag,
det er 5 grader og regn.
Men vona om sommar
er der :)

Anne-Mari



tirsdag 2. juni 2015

Utan


liv og innhald er denne 
gamle panna.
Den er ikkje fin,
men har sin sjarm,
utan nokon verdens ting å gjere meir.