søndag 27. september 2015

Septemberhelg på hytta

Litt vått og grått, 
men ein liten luftetur i terrenget 
rundt hytta vart det i helga.

Marit Johansen i Helgbilden
har utlodning av mobiltilbehør og
ber oss ta helgebilde med mobiltelefonen 
denne helga.
Det passa bra for eg gløymde 
kameraet heime

Det eksplodera i 
fargar

Vakker blåbærlyng

og ei einsleg tytebær

Arbeid høyre også til,
hytteveggen treng vedlikehald.


Men "prinsessa på erta"
kosa seg mest inne,
på skinnfellen med sine
"dippeduttar" og
 bøker



Bjørka er i ferd med å gjere seg klar for
neste etappe..
Hausten har tatt grep.


Helgbilden






torsdag 24. september 2015

Skaugumbegonia og Takk !


Skaugumbegonia
er fine på denne tida


toler bra regnet



blomstrar til første frostnatta kjem,
då rensar eg knollen og legg
den tørt i kjellaren.

er innlegg om mine to typer 
Skaugumbegonia.

Link til:
-----------

Tusen takk ♥

Til slutt vil eg takke alle som har lagt igjen helsingar
på dei siste innlegga mine om 
sjukehusopphaldet mitt.
Eg er både rørt og glad.
No er eg heime ,
kjenner meg ganske bra, og
skal trene meg gradvis opp igjen.
Eg var heldig, den skada kransarteria vart blokka og
stenta før det vart
hjarteinfarkt.
Det er eg svært takksam for.

Klem frå Anne-Mari






onsdag 23. september 2015

Tirsdagstema


i går var:
under

Frå romet på St Olavs Hospital kunne eg sjå
under 
ambulansehelikopteret når
det landa og  letta.





mandag 21. september 2015

Angina pectoris


er anfall med brystmerter pga
redusert blodforsyning til
hjartemuskelen.
Etter lang tid med slike smerter
 og utvikling til det verre
vart eg rakskt innlagt i
Volda sjukehus.

Låg på firesengsrom som kan
vere ei utfordring,
men vart godt passa på av
kjempeflinke sjukepleiarar 
til turen gjekk med
ambulansefly til 
St Olavs Hospital
i Trondheim


Vart kobla til overvåking av hjartet,
same som dei gjorde i Volda.

Romet og badet minte meg om
eit hotell.
Men så er St Olavs Hospital eit
nytt og moderne sjukehus.
Trygt og godt å ha med seg mannen min
på ei slik reis.

Dagen kom for
Hjartekateterisering (koronar angiografi)
Dei fann at det var svært trangt i ei av de
i store  kransarteriene
 så dei blokka og sette inn
stent (rørforma armering i metall)
Heretter blir det mange type medisinar, 
 mykje meir enn eg kan like,men
 må ein, så må ein.
Eg var heldig
og lit på at legane
kan sitt fag.

Som sagt før er 
St Olavs Hospital eit flott sjukehus.
Fleire ting trefte sjukepleiarhjartet mitt.
Blant anna dette:
Det flotte og talande namnet på
avdelingane,
Sengetun !
i staden for det kunstige namnet
sengepost.

Der var fin kunst på veggane i roma
og korridorane.
Blant anna dette flotte tekstilteppet.
Bruka ein fantasien kan ein tolke
mange detaljar her,

Begge sjukehusa har, så langt eg opplevde,
gode, dyktige og profesjonelle
sjukepleiarar.
Eg er så stolt over sjukepleiestanden !

Me har eit fantastisk helsevesen i Noreg,
som tek seg av oss når me treng det.

Tusen takk.







fredag 18. september 2015

18 september


er det godt å ha noko fint å sjå på.


Clematis x jackmanii


Floral Friday Fotos

Ynskjer alle ein god fredag !


Posted using BlogPress from my iPad



onsdag 16. september 2015

Kjekt








å lage mat til spesielle anledningar.
Konfirmasjonen var ei slik anledning.
Me var mange som laga til koldbordet og/eller
kakebordet.
Eg valde å lage nokre ting som kunne gjerast ferdig
i god tid på førehand.
Daim-iskake
er ein favoritt på kakebordet.



Brownies og Ristoppar er dei yngste glad for


Hjortegryte med kjøt frå Kaldholen
laga eg dagen før.
Det var ris og grøn salat til.



Potetsalat er best når den er laga dagen før.
På bordet var mykje godt som denne passa til.




I like

Posted using BlogPress from my iPad

Kjekt








å lage mat til spesielle anledningar.
Konfirmasjonen var ei slik anledning.
Me var mange som laga til koldbordet og/eller
kakebordet.
Eg valde å lage nokre ting som kunne gjerast ferdig
i god tid på førehand.
Daim-iskake
er ein favoritt på kakebordet.



Brownies og Ristoppar er dei yngste glad for


Hjortegryte med kjøt frå Kaldholen
laga eg dagen før.
Det var ris og grøn salat til.



Potetsalat er best når den er laga dagen før.
På bordet var mykje godt som denne passa til.




I like

Posted using BlogPress from my iPad

Bessie igjen


Sjukepleiar-tante vart tilkalla for å
fjerne stinga på operasjonssåret til Bessie
som eg skreiv om tidlegare i mnd.
her
Såret etter fjerninga av livmora ser fint ut,
og Bessie er frisk og fin.
Gode tolmodige Bessie ❤️

søndag 13. september 2015

Konfirmasjonen til Benjamin 12. sept. 2015


Det var høgtideleg 

då barnebarnet vårt Benjamin fekk 
prestehanda på seg 
i Ulstein kyrkje.

Bilde tatt av Arne Flatin
 Her går Benjamin mellom
soknepresten og kateketen

Flott kar ♥

Fotball er i fokus
kvar dag heile veka så det skulle berre mangle,
bordpynten må vise kva guten
er opptatt av.

Nær førti gjestar
var samla.


Songane:
Til ungdommen, Tenke sjæl, Barn av regnbuen,
Det handle om å leve, Fager kveldsol smiler.

Talane:
Flotte og oppbyggjande ord frå
pappa,
 farfar og onkel

Rikhaldig koldtbord

med blant anna mormor si nydelege
smørbrødkake


Minner

Gåvebordet ,
Mac, aksjefond, lommeur, armbandsur,
barbermaskin m m, og myyykje pengar,
mormor laga bildealbum og
farmor laga fotobok,
med gode minner.

Sunnmørsk kakebord...

Ei av dei flotte kakene

Det var ein fin dag for
konfirmanten 
og for oss alle.



Eg linkar til:








lørdag 12. september 2015

Konfirmasjonsdag

Gratulere med dagen !

I dag skal me feire
Benjamin sin 
konfirmasjonsdag.


Det er ein stor og nesten litt vemodig dag
 når første barnebarnet rundar
denne milepelen.

No kler me oss i bunad og fær til kyrkja.
Etterpå blir det feiring med
familie,
gode talar, song,
og mykje god mat




torsdag 10. september 2015

Raudt i naturen


Eg likar den raude fargen
mot naturens eigne
fargar

kor fint å kunne ro på vatnet
i den fine båten....

løyndomar gøymt bak
 låst dør med hengelås...

tilhengaren har sett 
betre dagar....






mandag 7. september 2015

Stilt på Rotevatnet


Fototriss - tre bilde på eitt tema
nr. 311: Stillhet

Hengebjørka 
sine blad heng stille.


 Rotevatnet ein stille
septemberdag.

Sjå tidlegare innlegg om Rotevatnet 
her og her