lørdag 31. oktober 2015

31 oktober



Temperaturmålaren vise 
17 grader i dag !

I fare for å gjenta meg sjølv legg eg ut 
bilde av Kinasøte ein gong til
denne månaden.
her


I dag opnar dei seg utan at sola skin på dei.

Today, they open themselves without sunshine,
17 degrees in the air makes the trick

Kinasøte er av mine største gleder
i hagen.


Takk for fine haustdagar i oktober !






torsdag 29. oktober 2015

Gamle gjenstandar


I gangen under trappa har eg samla nokre
gamle arva gjenstandar.
Bordet og benken har far min laga
etter modell av eit
bakstebord,
bord der fleire kvinner sat i lag og baka 
lefser eller flatbrød.
Han har òg laga grautspannet av eine
som står til venstre.
Bak står ein skyrdonk frå 1800 talet,
( eit kjørel brukt til sur mjølk)
I midten står eit brødtrau frå 1800 talet.

Det vakre gamle vaskestellet
 manglar dessverre vassmugga.

Eg set stor pris på desse skattane 
frå ei anna tid.




onsdag 28. oktober 2015

De usynlige



Handlinga går føre seg frå 1913 til 1928
på ei lita øy ytst i
havgapet på Helgelandskysten.
Boka handla om Ingrid og familia hennar.
Havet er det viktigaste,
fisken, stormen, fattigdomen,
Ho eig årstidene, fuglane og horisonten.
Ingrid må lære det ingen kan,
og enda meir.

Eg synest boka er fantastisk god,
og gle meg til å lese
etterfylgjaren
Hvitt hav

Men i dag vil eg leite fram att første boka eg las
av Roy Jacobsen,
Seierherrene.
Eg vil lese den på nytt og sjå om eg
oppleve den like god som då 
eg las den på 1990-talet.






lørdag 24. oktober 2015

Sommarblomster i oktober

Langt ut i oktober står dei fint 
utfor inngangsdøra og
 ynskjer velkommen.

Surfina har stått sidan juni

Pellargonia i gamle arva
zinkkjørel
er finare no enn i regnveret i sommar.



fredag 23. oktober 2015

Kveldstur



Det er ikkje mange grusvegar å gå tur på lenger.
Ein må køyre nokre mil for å finne dei.
Bildet er tatt frå Håheim,
der det er ca 10 km å gå
tur-retur på god grusveg.
Vona dei aldri må finne på å 
asfaltere her.







torsdag 22. oktober 2015

tirsdag 20. oktober 2015

Breitt


I haustferien laga eg 
etter oppskrift frå 
Trine`s Matblogg.

Laga deiga om kvelden.
Neste morgon var eg førstemann oppe (ikkje spesielt tidleg ;)
og forma deiga til eit breitt emne
som eg delte opp i rundstykke.

Det lukta godt...

Frukosten klar.
Kjekt at rundstykka falt i smak
hos nesten alle små og alle store :)





lørdag 17. oktober 2015

Kinasøte


Gentiana sina-ornata

Dei vakre blomstrane veks
som eit teppe seint om hausten.
Eg ventar på den 
og den skuffar meg ikkje.

Blå som himmelen
 opnar den seg mot sola.

Som eit kaleidoskop
i botnen av den djupe klokka :)

Bie på jakt etter godsaker. 

Kinasøte er fin både utanpå og inni.

Link til:

Today`s Flowers
FloralFridayFotos




fredag 16. oktober 2015

Bursdagsmat


Barnebarnet
Leah Sofie var 8 år i går.
I dag skal ho feire bursdag i lag
med ei skulevenninne.
Dei skal ha klassekameratane,
33 i talet.
Jentene bestemte menyen,
pølse med brød, sjokoladekake, 
brownies, fruktfat
og kanelsnurrane til farmor.
(som ho bruka å lage kvart år,
farmor blir litt stolt når dei lika det ho laga)

Eg laga dei ikkje så store,
nokre vil ha melisglasur, og andre ikkje.
Nokre vart for mykje steikte..
Men eg sender 45 stk til selskapet,
og vona det vil smake.

Her er eit bilde frå haustferien,
Leah Sofie i fin fart i slenga 
ved ei nabohytte.


torsdag 15. oktober 2015

Gamalt og grått


Slike gamle grå verslitne 
løer ståande åleine i
utmarka 
er interessante og sjarmerande.
Eg kjem i tankar over
kva dei kan ha opplevt...

Dør som heng fast med hengsler,
men vegg prega av tidens tann...

Mosegrodd, og
mett av dagar....

Eg lika å sjå på slike gamle bygningar.








tirsdag 13. oktober 2015

Rød fluesopp


Amanita muscaria


Med sine vakre farga er den godt synleg i naturen
om hausten.


Rød fluesopp
 er sjølve symbolet på giftige soppar.
men hvit- og grønn fluesopp 
er mykje giftigare,
Dei fleste som går i skog og mark har sett
den raude og veit at 
den er av det giftigaste me ser i naturen.

" bare se, ikke røre "








søndag 11. oktober 2015

Haustferien er over


Små og store ser tilbake på 
fine dagar på hytta.
Godt ver var bonus.
Det vart fleire små turar 
i nærområdet.

Tur rundt Tippasetra med utsikt til skiløyper.

I går gjekk turen langs den idylliske elva midt i
Hjelmelandsdalen.
Me måtte krysse elva,
Svigerdatter Renathe som sistemann.
Iskaldt, men blodsirkulasjonen fekk seg eit puff
så me var varme på føtene
resten av dagen :)
tøffingane....
Celina Marie 13 år, Leah Sofie 8 år,
Hans-Petter 11 år
gjekk litt meir....


I samla tropp over haustfarga myra, 
Ella Victoria 3 år, trygt på pappa Andrè si arm.

Vel heime hadde Hans-Petter ansvaret
for å lage pizza.
 Ella Victoria er assistent.






lørdag 10. oktober 2015

Today`s Flowers


I haustferien blir det litt turar
i området rundt hytta.
I går gjekk 8 åringen Leah Sofie og
farmor til enden av vegen på
 over 400 m o h
og skiløypa nedatt.

Me vart svært overraska då me såg 
sommarblomster langs vegen no,
så seint som 9 oktober.

 Blåklokker

 Desse veit eg ikkje namnet på

Raudkløver

Kvaliteten på bilda er ikkje god,
men det er ikkje poenget her.





torsdag 8. oktober 2015

tirsdag 6. oktober 2015

Haustferie på hytta


I dag har det vore fint ver og alle
 kosa seg ute.

Det er kjekt å ta fram puter og tepper
og ta ein pause i aktivitetane.






mandag 5. oktober 2015

Blomsterbukett i haustfarga

Kva er vel finare enn ein bukett
 med ulike blomster i 
vakre farga.

Hausten er min.
Den sorgtunge bragda vert song i mitt sinn.
Han løyner ein sumar
i frø som fell.
Vonene våre vert blomar.

Tor Jonsson



søndag 4. oktober 2015

Rosa


Rosa Gerbera 
i bukett med fleire fargar

Den rosa traktoren til Moods of Norway 
står parkert på Flø

Rosa sløyfe på bilen til støtte for
Rosa sløyfe-aksjonen.
I bakgrunnen rosa Queen Elizabeth.





fredag 2. oktober 2015

Slåttekar i himmelen


Slåttekar i himmelen skrive av
Edvard Hoem

Omtalen frå forlaget:
Edvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre for Nesje.
Forteljinga i denne romanen begynner utanfor Molde i 1874
der Nesje er slåttekar, og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av.
Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får Nesje med på seifiske,
og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn.
 Menneska ved Frænfjorden lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden.
Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra- stadig fleire sel det lille dei eig,
og legg ut på den strie og eventyrlege reisa til Amerika.
Seriannas søster Gjertine drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta.
Det begynner å koma brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også 
ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.
"Slåttekar i himmelen" er ein inspirert roman av forfattaren av
Mors og fars historie.
Det er ei forteljing om det nye og det gamle landet, 
om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vera villig til å satse og gjere store offer.


Det var ei fin oppleving å lese denne boka.
Foholda på den tida han skriv har eg høyrt litt om frå
foreldra mine. Deira foreldre var unge på
denne tida og mange av syskena deira
utvandra til Canada.
Boka er både interessant og spennande.

Eg ser for meg at dei hadde liknande reiskapar med seg 
over Atlanteren,
som dei eg har arva og har til pynt
under trappa.





torsdag 1. oktober 2015

Blomsterkorga


med vakre planter er så fin å sjå på.
Kjenner eg blir litt nostalgisk når eg ser 
fasongen.


Minner om min tidlege ungdom
som butikkdame i 
blomsterbutikk.

Takk for den fine blomsterhelsinga.