tirsdag 2. februar 2016

Kyndelsmesse


 På primstaven frå svigerfar Hans er
 Kyndelsmesse
 markert med ein trekvist


Kyndelsmesse 2. februar var ein viktig merkedag i
katolsk og etterreformatisk tid.
Feira til minne om framstillinga av Jesusbarnet i tempelet i Jerusalem.
Framstillinga var ein jødisk tradisjon som vart utført
 førti dagar etter fødselen for gutar
og åtti dagar for jenter.

 Dette tilsvara den renselsesperioda
Maria måtte gjennom etter fødselen.
Hm, kva er forskjel på gut og jente i denne samanheng ?

I Noreg var Kyndelsmesse ein viktig festdag, og ein åt gjerne julemat.
Dagen vart avskaffa som heilagdag frå 1771.

På denne tida kunne det vere hardt ver, kalla
Kyndelsmess-rykkjen (knuten).
Her kjem truleg samanblandinga med Knut på
Tjuandedag jul 13. januar.
Det var ulik tolkning rundt om i landet,
og på Sunnmøre sa dei at det var slutten på julehøgtida.
" Kjøndelsmess-Knut jaga jula ut "
er eit uttrykk eg hugsar frå min barndom.

Ein kan finne mykje å lese om
Kyndelsmesse på internett.

Her er litt om dagane som kjem:

3. februar Blåsmesse, opprinneleg St. Blasius messe.
Markert med ein bøygd kvist.
Viss det bles hardt den dagen ville det bli vindfullt resten av året.
Sjøfolk og fiskarar måtte ikkje nemne dagen med namn.

5. februar Ågotmesse til minne om Sta. Agatha som
leid martyrdøden i år 251.
Unge jenter må ikkje børste håret denne dagen.
Markert med ei mus, også kalla "musedagen"
fordi ho skal ha bedd Gud om hjelp mot ein museinvasjon
og vart bønnhøyrd.

6. februar Dortemesse etter Dorothea frå Cæsarea
leid martyrdøden i år 304
Ho er hagedyrkarane sin skytshelgen.
På denne tida tok sjøfisket til.
Markert med ein kross på primstaven.

Det er lite å sjå av spirar i hagen no
så eg viser bilde av ein
Primula
som står i stova.

I dag vakna me til klar himmel og 2 grader
etter ein gårsdag der
det storma og regnet hølja ned og fjerna
mykje av snøen som kom i helga.

Ynskjer deg ein fin dag !



4 kommentarer:

  1. Dette var veldig interessant! Jula kan visst strekkes ut ganske så lenge.
    Vi har altfor få merkedager nå for tiden! :)

    SvarSlett
  2. Primula er også min vårblomst,inne.
    Klem :)

    SvarSlett
  3. Spennande med slike merkedagar!

    Vonar veka di vert god :-)

    SvarSlett
  4. After the fifth try google has finally translated for me your interesting post - glad to read it and not only to see the pictures...

    SvarSlett

Eg set stor pris på at du legg igjen ein kommentar :-)

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.