tirsdag 31. mai 2016

I leik med oldefar


Då eg leita etter bilde til bruk
kom eg fram på desse artige bilda
frå sommaren 2007


 Oldefar Hans leika med
Benjamin og Hans-Petter
ein fin sommardag
på Løset

Gode minne for gutane.








søndag 29. mai 2016

Slektsstemne



for etterkomarane etter 
Ida og Ole Kaldhol 
som gifta seg i 1916
Dei var besteforeldra til mannen min.

180 etterkomarar og
inngifte/sambuarar møttest
på Sunnmøre Folkehøgskule
i Ulsteinvik der det
er god plass til store
arrangement.
Eit flott grafisk oppsett over
etterkomarane 
(desverre dårleg bilde)
Dei har 207 etterkomarar:
 13 barn,
43 syskenbarn,
91 oldebarn
58 tippoldebarn 
2 tipptippoldebarn

Til middag fekk me
nydeleg kvit Bacalao og Biffgryte.
Lasagne for dei som ikkje tole
gluten og laktose.
Grøn salat og fantastisk godt brød til.

Det berømte Sunnmørske kakebordet
var på plass til kaffien.
Eine halvparten over 
og 
andre halvparten under.
 Restane av kakene
 vart servert  i dag søndag,
då mange var samla i
Kaldholen der dei 13 barna
til Ida og Ole vaks opp.

Ei flott stemnehelg er over.
Små og store fekk nok ein gong 
kjenne på verdien av
å vere del av ei
stor slekt.












fredag 27. mai 2016

Kveldshimmelen

Solrike dagar
og kjølege kveldar
endar i vakre solnedgangar

Sunny days and cool nights give
beautiful sunsets.
This is my view.






torsdag 26. mai 2016

Nytt skip


er levert frå
Kleven Verft i Ulsteinvik

Edda Freya
150 m langt og
svært avansert konstruksjonsskip
er levert til 
Østensjø Rederi


Eg er stolt over Kleven verft,
som ligg 1 km frå her eg bur.
Verftet er ein stor arbeidsplass
 og grunnpilar i 
kommuna vår.

Eg tillet meg å låne eit bilde
frå Wikipedia av
verftet
På bildet viser heimstaden min
øverst i høgre kant av bildet.









onsdag 25. mai 2016

Ein ferjetur

kan vere oppmuntrande 
ein grå søndagskveld.

 Me har tre alternative vegar å reise når 
me fær til- og frå hytta.
På to av dei må me 
ta ferje.
Denne søndagen køyrde me gjennom 
fire kommuner i ytre
Nordfjord og Sunnmøre og
tok ferje frå 
Koparnes til Årvik
Av ein eller annan grunn synest eg
Ferja" SAND "såg gamaldags ut 
på avstand...

Men der tok eg feil,
vel ombordkomne såg eg 
at den er bygt så seint som i 2007.
Og det spesielle med den var
"utsmykkinga" av 
"veggen" på
 bildekk

Sitater av
Rasmus Løland
1861-1907




Ei skikkeleg oppmuntrande overrasking
Slikt lika me !

Det var nok mange som såg rart på 
den galne kjerringa som
fauk rundt på dekk
og fotograferte ;)








tirsdag 24. mai 2016

Leonardo

er familien
til Roger, yngstesonen vår
sin hund
som eg har skrive om
her  her  her
Han er over eit halvt år no og
begynne å bli stor.

Helse på 
brørne
Benjamin og Hans-Petter


Han viser Hans-Petter 
yndlingsplassen sin.
Her har han full oversikt over
kven som kjem 
til gards.


Godt å ha ein prat med
pappa....


Leonardo er ein klok og fin
hund som har det
fint i lag med familien sin.




søndag 22. mai 2016

Frukttreblomster

Først av alt vil eg takke 
alle som har skrive så fine kommentarar
til innlegget om Sæterlivet i Aldalen.
Takk også for kommentarar
til alle andre innlegg i bloggen min.
Eg set svært stor pris på alle !

Det gamle Opal plommetreet 
blomstrar rikt i gamlehagen no

Blir modne plommer
like mange som blomster,
er iallfall syltetøy og hermetikk
sikra til hausten :)




torsdag 19. mai 2016

Sæterliv i Aldalen

Sel = seterhus med soverom, kjøken og 
mjølkerom 

Mor mi var frå Hjartåbygda i Volda kommune.
Ho var fødd i 1925
Garden Åsen ligg midt i bygda.
I tillegg til dyrehald hadde
dei einaste telefonapparatet i bygda
som gjorde at ho og syskena
gjekk med telefonbod til
folk på gardane rundt og langt inn
i Austefjorden.
Sæterdrift var ein viktig del av jordbruket.
Det var lite beite for dyra vår og haust,
men på sætra i Aldalen vart det
tidleg grønt. 
Frå tidleg i juni flytta dei buskapen dit og dei
var der vanlegvis i 12 veker.
Mor mi fortalde at dei var 9 jenter med
ansvar for kvart sitt sel og dyr.
 Ho begynte å sætre det året ho gjekk for presten
som 14 åring.
Då hadde ho ansvaret for kyr som ho henta 
frå marka om kvelden og  mjølka dei.
Mjølka vart frakta til bygda 
med handkjerre, ei strabasiøs ferd
i ulendte råser.
Der var ikkje elektrisitet så ho fyrte i omnen,
varma vatn for å vaske mjølkespannene,
så til elva for å skylje dei.
Ho fortalte om kor mørkeredd ho var når
ho sto ved elva.
Det var fortalt ei spøkelsehistorie om ei jente
for lenge sidan, ho hadde
fått eit barn i løynd, og grave det ned
på andre sida av vatnet.
Om kveldane høyrde dei skrik derifrå....
Ho fortalde at ho brukte å synge høgt medan ho var
ved elva for å overdøyve lyden.
I ettertid fekk ho vite at skrika kom frå ein fugl
som ho kalla Mekregauk.

Dei 9 jentene sat oftast i lag laurdagskveldane,
og det kom gjerne besøk frå bygda.

Mor mi fortalde at sætrelivet var travelt,
men ho likte det.
"Det var med på å forme oss, og 
gjere oss sjølvstendige "

På dette bildet står mor mi
nr 2 frå venstre.
Systra hennar, tante Agnes er fem år
eldre og sit på vogna med
hatt og paraply.
Ho såg dei kanskje vel avgarde,
etter å ha sætra i mange år,
og no overlet ansvaret til systra. 

Her står mor mi nr 3 frå høgre.


Selet i Aldalen 
 er halde godt ved like av syskenbarnet mitt.

I min barndom var me på søndagsturar
til Aldalen,
hadde med niste og kosa oss 
i mange timar medan mamma fortalde
 interessant frå ungdomstida si.









tirsdag 17. mai 2016

Favorittar i mai



I dag har me feira nasjonaldagen
på tradisjonelt vis.
Etter å ha gått i tog 
 hadde familien middag heime med 
17. mai dessert etterpå.
(den eg skreiv om her)


Det var kjøleg i veret, men det
regna ikkje.
Faktisk litt solstreif av og til.

Favorittar i hagen blomstrar
 for fullt.
Rhododendron, Tulipaner og Narcisser 
står fine.

Den kvite Rhododendronen
og den småblomstra Azaleaen 
viste også sine blomster
i dag.









søndag 15. mai 2016

Tora panneband


Eg vart inspirert av 
til å strikke Tora panneband til
Ella Victoria 3,5 år
strikka i Sandnes Merinoull

Det er ikkje alltid så lett å
posere for fotografen....

Håpe ho lika det og vil
bruke det.
Det var faktisk så kjekt å strikke at eg
kan tenkje meg å lage fleire.





onsdag 11. mai 2016

Kulltreff


Som eg skreiv 
skulle eg ha kullingar på besøk
Åtte damer (ni med meg) i sin beste alder,
no er alle pensjonista og kan 
sjå tilbake på
eit langt yrkesliv
som sjukepleiarar.
Praten går frå første minutt,
me har mykje å snakke om,
alltid !

Eg hadde gjort alt klart før dei
kom med ferja over fjorden og
biltur hit ut på øyane.
Serviettar bestemte kva blomster
eg skulle ha på bordet,
greiner av plommetreet
hadde nesten same
blomstrane

Eg serverte ei gryte med blant anna
torsk og laks
med ris og heimelaga
focaccia til.

Som alltid når me er samla flyg
timane fort avgarde,
dei skulle rekke ferje og
måtte bryte opp
lenge før me hadde prata ferdig :)

Takk for ein kjekk kveld i lag.

Ps.
Eg skreiv eit innlegg om kulltreffet
som me hadde i
 Dubrovnik september 2013










tirsdag 10. mai 2016

Tre


träd
er Tirsdagstema i dag


Ein tur gjennom skogen


i Gamle-Åsen 
Hareid kommune

viser spennande tre og
trolsk vegetasjon.









søndag 8. mai 2016

Gulrotkake

I morgå venta eg gjesta,
åtte kullinga som eg tok sjukepleieutdanning 
i lag med 1967 - 1970.
Me er ni her på Sunnmøre som møtast
heime hos kvarandre eit par
gongar i året.
Heile kullet møtast også regelmessig.
Før var det kvart femte år,
 siste gongane med eit par års mellomrom. 

Dei skal blant anna få kake.
Den har eg gjort klar i dag så den
får trekke.

Oppskrifta har eg fått av 
svigerdotter Renathe.

4 egg
3 dl sukker 
piskast til eggedsis

1 dl olje (eg brukte rapsolje)
Sikt i
3 dl kveitemjøl
1 ts salt
2 ts kanel
1 ts ekte vaniljesukker
1 ts bakepulver
Ha i til slutt
3,5 dl raspa gulrøter

26 cm rund form
180 gr i 30 minutt

Fyll
200 gr Philadelphiaost
2 ts ekte vaniljesukker
100 gr meierismør
250 gr melis
Piskast godt
eg hadde litt saft frå appelsin i
kremen.

Eg gler meg til i morgå
når damene kjem.





torsdag 5. mai 2016

Narcisser


er utsprotne i hagen no.


Eg hadde berre iPhonen å 
ta bilde med 
så gjesten på blomen
fekk ikkje godt nok bilde av seg...









tirsdag 3. mai 2016

Arbeidsstilling


Det blir mange stunder av glede når eg
er i lag med barnebarna.
Ein dag eg passa minstejenta gjekk
me tur i nærområdet der ho bur.
Løvetanna sto der
så gul og vakker og freista.

Det fryda meg å sjå arbeidsstillinga,
så ergonomisk riktig med
bøygde kne.
Tenk om me tok med den naturlege
måte å bruke kroppen på i barndomen inn i vaksenlivet,
det hadde spart oss for mykje
vonde ryggar.


Ella Victoria plukka ein fin bukett
som mamma skulle få.


Pixiehua ho har på seg skreiv eg om
 ho er veldig glad i den
og bruka den dagleg.
Eg er overraska over kor godt
den held fasongen 
etter så mykje bruk.
den er strikka i garnet
Drops Baby Merino

Ynskjer deg ein fin maidag !