torsdag 29. september 2016

Tombola


Det er kjekt å hjelpe til med
rulling av tombolalappar.
Hasund og Dimnøy Skulekorps skal ha
øvingshelg og avslutte med
korpskafè søndag

Celina Marie og farmor rulla
500 blanke lodd i går kveld medan 
me såg "Badehotellet" på TV.
Så vona eg at nokon andre
 rullar vinnarlodda... :-) 








onsdag 28. september 2016

Vårblomster i september


Det varme og fine veret siste vekene
har fått planter til å
misforstå.
Rhododendron som blomstrar no gir eit
fint kosttilskot for
insekta.

 Rhododendron 
(Japansk azalea, "Diamant blå")
er full av blomster. 



Raudkløveren har vel strengt tatt ikkje
hatt sommarferie....

I går kom vinden og regnet så no
er vel hausten komen og
naturen går til ro.







søndag 25. september 2016

Strikka hals

Mjuk og deilig
å bruke

Strikka i 
Sandnes silk mohair

Her vise den rette fargen.

Grissen, men varm..


Gratis oppskrift på halser hos:




lørdag 24. september 2016

Flest kvardagar


er tittel på boka til mannen min.

Han har skrive små forteljingar om korleis dei
hadde det dei som levde før oss.
Glimt inn i liv og lagnad, omtanke og hjelpsemd,
kjærleik, lykke og sorg.

Eg er stolt av han !
Det er ei fin bok som mange vil kjenne
seg att i.

Omtale av boka i 






tirsdag 20. september 2016

Grannegarden


 nyt eg synet av kvar dag,
særleg når det er ljos i "utlykta"
og glasa.


Det er ein fredeleg plass.

Eg har mange gode minner om
dei som budde der då eg var lita jente.


Fine blomster i tunet.


Og her ser eg heimatt til Tuå.
Det kvite huset er barndomsheimen min,
i det grå bur eg og mannen min.





søndag 18. september 2016

Gråtonar


Først vil eg seie at kofta som eg etterlyste
namn på

er eit Dalemønster og heite
D694 Festkofte

Takk for tipset 
om å spørje 
Koftesida på Facebook.

Himmelen i går kveld
var vakker med sine gråtonar.





lørdag 17. september 2016

Tordivel



på besøk
utfor inngangsdøra

Den likna ikkje på bilda av Tordivel 
som er vist på Google.

 Men ei slags Bille er det vel ?

 Er det nokon som er kjent med 
Tordivelverda 
og kan stadfeste om dette
er ein Tordivel ?

Eg kan ikkje seie at den var ein
velkomen gjest akkurat....
Han fekk hjelp til å
kome seg ut i naturen der
han høyre heime.




mandag 12. september 2016

Kumlokk


Når eg er ute og reiser får eg 
av og til litt rare
påfunn...
På ferietur fekk eg auge på 
fine kumlokk
Det første såg eg då me
hadde eit kort stopp i Drammen.
Sjå kor nydeleg det er.

I Århus, Danmark har dei 
desse fine.

Denne helga har me vore i 
Bergen som har
vakre kumlokk eller
"bekkalokk"
som dei kalla dei.

Eg lika særleg godt dette.
Miljøkampanje i Bergen
bergen.no/dovett
" Bæsj, tiss, dopapir
er alt som skal i do.
Å kaste matrester, fett og matolje i do er enkelt.
Men, da inviterer du rottene hjem til deg."

For nokre år sidan vart eg "hekta" på







torsdag 8. september 2016

Kofta


Svigermor strikka denne kofta 
til svigerfar på slutten av 1960 talet.
Ho hugsa ikkje namnet på mønsteret,
men trur den er strikka
i Per Gynt tråd.
Den er svært fint strikka !

No har svigerinne Sølvi kofta på hytta,
dels til pynt, men også
til nytte i kjølege kveldar.
Kanskje nokon veit namnet
på den ?






tirsdag 6. september 2016

Haustteikn


Hermetisering av plommer
er i gong.

Vinden trua med å rive frukta
ned frå trea
så det er berre å "brette opp ermene"
og stå på !






lørdag 3. september 2016

Saragenser


Eg fekk lyst til strikke meg ein genser.
og fann ei oppskrift eg likte.

Strikka i ein behageleg tråd,
Faerytale frå Du Store Alpakka
Eg lika godt fargen.

Oppskrift til 
Saragenseren kjøpte eg hos:


Den er lett og god å ha på seg, så eg trur
eg kjem til å bruke den mykje.






torsdag 1. september 2016

Første september



Ei rose 
kjempa mot regn og vind
i dag


" Det er høst. Sommeren er forbi, 
den forsvant like så hurtig som den kom; 
akk hvor den gikk hurtig ".
Knut Hamsun

Eg ynskjer deg fine haustdagar !