lørdag 31. desember 2016

Godt Nytt År !


 På årets siste dag vil eg
 TAKKE
 mine bloggvenner
og alle andre som er innom og les bloggen min.
Det er inspirerande og gledeleg
å ha besøk av dykk.
 Tusen takk !
Med bilde frå inngangen til hytta vår
vil eg ynskje alle eit

Godt Nytt År !




mandag 26. desember 2016

Å vere fire år i jula


Teksta i songen av Alf Prøysen om å 
"vere fire år i romjul`n"
passa ikkje heilt,
men den kom for meg når eg får oppleve
forventningane og gleda
fireåringen vår
viser.
Ella Victoria fylte fire år i november,
ho har alle sine juleminner frå hytta
 her me i år feirar for sjuande år på rad.

Julaftan sysla ho tolmodig med sitt mens
ho venta på julekveldens
høgdepunkt,
opninga av gåver.

Ella Victoria ser tankefullt på
haugen av pakkar.

Systrene Celina Marie 14 år og Leah Sofie 9 år
har ansvar for lesing av lappar og 
utdeling.

Det vart julesnø og aktivitetar ute andre juledag.
Aketur med mamma er 
kjempekjekt.

Ella Victoria fekk mykje fint i julegåve,
deriblant mange leiker som
ho kosar seg med.

I år utveksla dei to sønene våre med familie og
oss besteforeldra mange
alternative gåver.
Det vart sendt pengegåver til 
AMNESTY og UNICEF
til ulike formål,
 og lagt vekt på at borna vart innvia i
kor viktig det er å 
hjelpe andre som ikkje har det så godt som oss.


Eg ynskjer alle framleis god jul og romjulsdagar.

Her har me sikra møblar o.a.
for å møte "Urd" som er på veg.





torsdag 22. desember 2016

Strikka julekuler

Når jula kjem er det fint å pynte 
både ute og inne.

Dei fine strikka
julekulene eg har fått
av slekt og venner
blir hengt opp i glaset







Eg er så glad i dei flotte julekulene.
Dei er kanskje strikka etter 
oppskrifter av Arne og Carlos.


Eg ynskjer alle ei god og fredeleg jul !






mandag 19. desember 2016

Juleklokkestrengen


 Mor mi broderte klokkestrengen for
 mange år sidan.



Julebodskapen

Julerose med grønt

Juleklokkestrengen kan gi kjensle av jul innandørs
for utandørs får ein det slett ikkje..
I dag 19 desember gjekk eg førmiddagsturen min i
 14 grader.
Det var nesten så eg kasta jakka.






fredag 16. desember 2016

Havregrynskaker med sjokolade utan egg



Barnebarnet vårt Hans-Petter er
 allergisk mot egg.
Eg har mange oppskrifter,
men i år fann eg ut at eg
ville prøve å lage ei 
ny oppskrift.
(eg tok eit utgangspunkt i ei oppskrift
på Amerikaker)


Småkaker passa på det
gamle arva fatet i Figgjo Flint


Havregrynskaker med sjokolade
utan egg

125 gr margarin
175 gr sukker 
rørast kvitt

tilsett 4 ss kremfløyte

180 gr kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1/2 ts salt
sikt i det tørre og rør godt

tilsett til slutt:
3,5 dl store havregryn

Melkerull eller kokesjokolade
Valnøtter

Rull kuler på 13-15 gram
legg på bakepapirkledd steikebrett
Trykk kulene forsiktig ned med ein gaffel.

Steike midt i omnen ved 190-200 gr 12-15 min
Ta ut bretta og legg ein melkerull
eller kokesjokoladerute på den varme kaka.
Når sjokoladen mjuknar trykke du 
forsiktig på ei valnøtt.

I vår familie er det også fleire med 
nøtteallergi 
så eg hadde ikkje valnøtt på alle.



Kakene er kjempegode om eg så skal seie det sjølv.
Vona Hans-Petter og 
resten av familien lika dei.






tirsdag 13. desember 2016

"Ta det med deg "



Det minste av grønt
som har hendt deg
kan redde livet ditt en dag
i vinterlandet

Et strå bare,
et eneste blankt lite strå
fra sommeren i fjor
frosset fast i fonna,
kan hindre skredets tusen drepende tonn i
å styrte utfor.

Hans Børli



søndag 11. desember 2016

Blå himmel


Den fine søndagen har eg brukt til
eit par koselege besøk.

 Ein klar og fin dag.

Heimattkoma baka eg 
Aniskringle
med utsikt til den knallblå 
kveldshimmelen.

Over førti kringler skal glede mange munnar :)

Og i kveld var det ein flott
Nobelkonsert
både i tekst og tonar.









lørdag 10. desember 2016

Førjulstid

På turen til hytta såg me mange
fine motiv skapt av 
skodda.

Langs med Austefjorden



Holmøyane i Hornindalsvatnet


På hytta pynta me litt

og laga
Sara Bernhardt 
i langpanne


Veret er ikkje slik me forventa
i desember, skodda ligg i fjella, 
temperaturen 6 varmegrader
og det er vått rundt hytta.
Same helga i fjor gjekk me på ski. då var det
var mykje snø på Harpefossen
Men mangt kan endre seg dei neste to vekene
til jul.

Eg ynskjer god førjulstid til alle !






tirsdag 6. desember 2016

Historielaget sitt julemøte


gjekk av stabelen på Fredheim
i går kveld.
Ulstein Mannskor hadde ansvaret for
godt program.

I det gamle ærverdige lokalet 
er det god akustikk
og det lyder vakkert når songen tonar.


Som vanleg på Historilaget sine julemøte vart
maten servert på gammalt vis,
innpakka i serviettar.

Mange hugsa nok matpakkane på julefestane
i barneåra...

Som vanleg var det loddsal,
 eg var heldig og vann denne boka.


Mange hadde møtt fram 
og eg trur alle var samde om at det 
var ein gild kveld.








søndag 4. desember 2016

Søndagen min

I dag har det vore eit ufyseleg ver med regn og vind.

Det enklaste var å sitte inne og
nyte dei fine rosene eg
fekk i bursdagsgåve
1. desember :)

Men det friskaste var å gå ein times tur 
langs landevegen 
mens regnet hølja ned.

Eg lika å gå tur i alt slags ver
og då eg las i
denne bloggen:

Bloggers Sunday Walk

vart eg interessert og spurte om slike turar som
min i dag kjem under denne
invitasjonen.
Her er svaret eg fekk:

Alle slags turer, ja, men poenget er at vi alle går "samtidig" på hver vår vei, sti, gate, smug, allé... på denne kloden - med eller uten følge!
Jeg foreslår følgende BSW, siste søndag i januar, april, juli og oktober!

Dette har eg lyst til å vere med på,
eg noterer dato og 
ventar på nærare info.

Les om dette du også !



Eg lenker til:







lørdag 3. desember 2016

Baking med kjevle


er eg ikkje flink til.
Difor er det sjeldan eg lagar ting som
skal bakast ut.
I dag fekk eg så lyst til å bake 
Hardinglefse.
Eg brukte oppskrifta i
"Go`bitar frå besta si kokebok"
som to kollegaer har skrive.
HER
I oppskrifta var det Margarin, 
men eg tenkte at
 "skal det vere så skal det vere" 
 og brukte Meierismør....
 Om det er det som er årsak veit eg ikkje,
men lefsene var nesten umuleg å
arbeide med
Mjuke og vanskelege å handtere.

Mannen min heldt seg på avstand for eg skjende
heile tida....

Ein skulle tru at når dei var ferdig steikte
var problemet over,
men, nei, nesten ingen av 
lefsene kom heilberga av steiketakka.
Heldigvis er det slik at når ein får smøre dei og
"lime" skavankane blir det eit
bra resultat til slutt.
I alle fall, hardinglefsene er nydelege på smak,
dei smeltar på tunga.
No er dei lagde forsiktig i ei boks og
komne i frysaren.
Dei skal etast med andakt :)