søndag 30. april 2017

Fin tur


I dag hadde me planlagt ein
tur i lag med 
yngstesonen og familien hans.
I Herøy kommune der dei bur er det laga 
flotte turstiar i fjellet.
I dette fjellet gjekk eg ofte med elevane mine
då eg var lærar i vidaregåande skule.

Turen er mitt bidrag i 
Blogger Sunday Walk våren 2017

Frua sjølv
med utsikt over Fosnavåg og Nerlandsøya

Resten av bilda har eg tatt sjølv
Mannen min og sonen

Frå turstien over Tverrfjellet
 ser Leonardo  mot 
 Eggesbønes og Moltustranda

Emilie og Hans-Petter  

Leonardo har lyst til å springe i lag
med dei gjennom skogen

Nista smakte etter fjellturen

Me avslutta dagen i Herøy med å heie på
barnebarnet Benjamin som sto i mål for 
Spjelkavik G19 i kamp mot Bergsøy.

Ein innhaldsrik og vellukka dag i strålande ver
er over.

I morgå er det 1. mai

Gratulere med dagen !









lørdag 29. april 2017

Bursdagsgaven


Ei historie som gjekk rett inn i sjela mi
og var der i mange dagar etterpå....


Mannen min og eg har god tid til å høyre på
lydbøker i bilen når me køyrer
til og frå hytta.
No er me akkurat ferdig med Sue Monk Kidd si bok
Bursdagsgaven.
" en flammende sørstatsroman om
håp, mot, frihetstrang og behovet for å 
ha en stemme i verden."
Boka er basert på ei sann historie.

God helg !






torsdag 27. april 2017

Våren er her


I dag skin sola frå knallblå himmel,
vermeldaren seier at 
 det skal bli varmare i lufta
og våren er komen.

I går tok eg ei lita vandring og
leita etter spirar og knuppar.
Eg synest mange
vekstar er tidleg ute. 

 Det vakre Kastanjetreet har
store knuppar

 Kusymra i skogbotnen der sola
ikkje når fram

 Kvitveis i kveldssol

 Den første Løvetann

 Perleblomster 
frå løkar som blomstra innandørs i fjor
og samla i ei krukke

 Svarthyllen har knytt sin
rosestand

Syrinbusken har gjort knuppane klar
for varme dagar så den kan sprette ut og 
spreie si fine lukt.

Det er berre å glede seg :)

Ynskjer deg ein fin vårdag ♥





mandag 24. april 2017

Spiral


er ordet denne veka
i utfordringa til 
Gemsweeklyphotochallenge

Eg var så heldig å få passe barnebarn
i dag.
Ella Victoria ville vere ute
og hadde det kjekt i lag med 
slektningen Theo i
nabohuset.
Då dei leika seg på trampolina
fann eg motivet ...

Fjørene som strammar duken på
trampolina er
kjempesterke
spiraler

Det er vår i lufta sjølv om det låg
mykje snø på marka 
i dag tidleg.
Sanneleg er våren ei spennande tid.

Bilde frå formiddagsturen med trimvenninna mi 
i dag.



Fleire innlegg om spiral finn du her:





fredag 21. april 2017

Blått

 er det mange som lika.
Om våren synest eg det blå er
ekstra vakkert

blått elvevatn ....


Scilla på ei gammal grav


vårblomster
i alle fasongar


den daglege utsikta mi
som med sine varierande fargar
 aldri sluttar å 
tiltrekkje meg

God helg,
gjerne i lag med blå blomster. 





onsdag 19. april 2017

God betring


Eg skal besøke ei dame som
har eit langt sjukehusopphald framfor seg.
Fine blomster vil eg ta med,
gjerne Ranunklar.
Kanskje er det stort utval i
fleire fargar i blomsterbutikken ?


I påska kom eg på at eg skulle strikke lestar
og ta med.
Litt høgare vrangbord enn dei
eg strikka
 her
Dei er strikka i garnet Sterk,
og er mjuke og deilige å ha på.
Det kan bli litt hustre på romet så eg håpe
 det vil vere godt å ta på seg desse
 enten ho ligg på senga eller er oppe.

Mest av alt vil eg ynskje henne
God betring ♥









mandag 17. april 2017

Rund


er ordet denne veka 
hos Gemsweeklyphotochallenge.

Eg plukka litt kvitveis
i det nydelege turveret i dag.

Dei passa godt i den
 runde blå vasen
på kjøkenbordet med den
fargerike duken. 



Vel overstått påske !
Takk for alle koselege kommentarar.
Eg har dessverre ikkje hatt høve til å
besøke alle mine bloggvennar
siste veka, men kjem etterkvart.

Helsing Anne-Mari









onsdag 12. april 2017

God påske


Eg vil ynskje alle mine venner

God Påske !

I glaskarmen på hyttekjøkenet
står deler av eit gamalt servise
og sender gode minner.





mandag 10. april 2017

Insekt


er ordet i utfordringa til 
Gemsweeklyphotochallenge
denne veka.

På denne tida er det vanskeleg å
finne insekt,
men eg fann dette bildet i arkivet

Om det er bie eller humle er eg
ikkje sikker på,
i alle fall leita den etter 
godsaker i Rhododendronblomen











fredag 7. april 2017

Krokus


Eit nydeleg meisterverk
i all si enkelheit



" Den enkle glede
er lett å finne:
en stille lykke
et lite minne
- litt sol i høyden
ved morgengry
et gløtt av himmel
en vår på ny "

Heljar Mjøen


onsdag 5. april 2017

Skåler frå Stavanger Flint


Det er koseleg å bruke dei gamle
skålene som mannen min
arva frå foreldreheimen sin.
Me har dei ståande på kjøkenbenken på hytta.

I denne legg eg tomatane så dei skal
halde på den gode smaken.




Denne er litt større så der er plass til
frukt av ulikt slag.


fint motiv.

Sist svigermor besøkte oss på hytta
uttrykte ho glede over at
me bruka dei gamle tinga som ho  
 sjølv arva frå si mor.






mandag 3. april 2017

Blomster


er ordet i utfordringa til
Gems weekly photo challenge
denne veka

I dag gjekk trimturen over 
Gamleeidet
Snøen er ikkje heilt borte,
men det lyste gult i vegkanten
 Hestehoven  er ein
av dei første vårblomstrane her,
 den er ein ny art som er komen med
jord og grus frå andre stadar i landet.


og sanneleg fann me kvitveis i 
vegskråninga
Den ser tynnslita og skjør ut,
men er hjarteleg velkoma ♥

No kan me kjenne at våren !


Her ser du fleire innlegg:
GemsofmyLife v 14 - Blomma -











lørdag 1. april 2017

Vesta


På ein sjøbudvegg i nærleiken
heng denne gamle verslitne 
livbøya.
Eg kjenner ikkje til om den har vore i bruk,
men den er der om
det skulle vere trong for den.

Livbøye. 

Namnet fortel oss at den er livsviktig.

"En ring av kork eller skumplast som brukes til livredning. Den er malt i sterke farger og utstyrt med tauverk".Slik lyder definisjonen i ordboken. Men hvor kommer den fra?
Et relieff fra cirka 865 f.Kr. i British Museum viser assyriske krigere som benyttet luftfylte dyrehuder for å svømme over en elv. Ringformede livbøyer kjennes helt fra en skisse av Leonardo da Vinci på 1500-tallet. I 1860-årene brukte den italienske marine korkringer som redningsmiddel, og i 1868 ble det tatt ut patent på en oppblåsbar livbøye med ringform.
I Norge ble det i Lov av 7. mai 1857 om redningsmateriell på skip, påbudt en redningsbøye, to, for større handelsskip i utenriksfart.

Tryg-bøyer kysten rundt

I perioden fra midten av 1800-tallet til slutten av 1900-tallet fraktet en stor flåte fjordabåter folk og varer til og fra øyene og fjordene som omslutter Bergen. På kaiene krydde det av ferdafolk og unger når fjordabåtene anløp. Det hendte ikke sjelden at noen falt på sjøen. 
I 1950 var Baard Isdahl og familien om bord på en av sine mange turer med fjordabåten på vei fra Nordhordland. Idet båten anløper Salhus kai, ser Isdahl noe som gir ham en idé. Han får øye på en rund gjenstand på veggen av et lagerskur. En livbøye med påskriften Salhus husmorlag.
Merket av krigen og tid i tysk fangenskap, hadde Isdahl særlig ærefrykt for livet. Nå hadde han fått en idé han ikke ville fire på, og det var med stor iver han troppet opp på kontoret i Vesta-Hygea dagen etter. Selskapet, som nå heter Tryg, skulle ta ansvar for god tilgang på livbøyer kysten rundt. Han ville at vi skulle bidra til å gjøre det tryggere å ferdes på og ved vann.
Og slik ble det. Den første Tryg-bøyen ble utplassert i 1952."

Info henta frå Wikipedia


God helg, den første i april !